MENY

DEBATT: Kan grøn økonomisk vekst redde verda?

ONSDAG 18. SEPTEMBER KL. 14–15.30 PÅ UNIVERSITETSBIBLIOTEKET: Vi opnar Forskingsdagane i Stavanger med ein debatt om økonomi og miljø med UiS-forskarar.

Hand skvisar liten jordklode. Marknaden tar livet av planeten vår. På tide med eit nytt økonomisk system?

Dei økonomiske modellane som politikarane nyttar når dei vedtek si politikken sin, tek ikkje nok omsyn til at vi er i ferd med å øydeleggje klimaet og at verdas økosystem slit med å handtere avfallet som forbruket vårt skaper. Korleis kan marknaden sørgje for drastiske CO2-kutt i tillegg til å snu den alarmerande trenden med tap av natur og artar? Kan marknaden, om det blir grønt nok, styre oss menneskje vekk frå øko- og klimakrisa vi no står overfor? Eller er den miljøøkonomiske tankeretninga nedvekst eit betre svar?

Her finn du arrangementet på Facebook. Meld di interesse og hald deg oppdatert. 

Tid: Onsdag 18. september kl. 14-15.30
Sted: Universitetsbiblioteket ved UiS

PROGRAMLEIAR: 

Tom Hetland er ein erfaren debattleiar og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, der han framleis er skribent og bokmeldar.

FORSKARAR I PANELET: 


Trond-Ola Hågbo tar ein doktorgrad i urban vind ved UiS og har frå før ein master i fornybar energi. Han er delvis teknologioptimist og meiner større og ikkje minst riktig utnytting av våre fornybare naturresursar vil ha ei avgjerande rolle i overgangen til eit meir berekraftig samfunn. Samtidig meiner han at vi ikkje kan la kapitalistiske marknadsdynamikk herje fritt. Det inneberer blant anna at vindkrafta vi har, bør bli sett på som ein felles ressurs som skal kome innbyggjarane til gode gjennom statleg eigarskap og høge kommunale avgifter. Han meiner også vi bør leggje frå oss bruk-og-kast-tankegangen og føre økonomien meir over i eit sirkulært system der det lar seg gjere.


Dolly Jørgensen er professor i miljøhistorie og ein av initiativtakarane til forskingskollektivet Greenhouse ved UiS. Jørgensen er aktuell med ny forsking på bevaring og gjeninnføring av dyreartar. Ei bok om tema er rett rundt hjørnet. Hennar forsking er ikkje vorten mindre aktuell med FNs naturpanels nylige rapport som dokumenterer at verda mister så mange artar at det har alvorlege verknader på økosystema og samfunnet. Ho meiner derfor at for å kunne ha ei meiningsfull diskusjon om verdas økonomiske system må vi sjå på folk sine motivasjonar og korleis ulike måtar å verdsette natur og kultur på har utvikla seg over tid. Dolly Jørgensen: Recovering Lost Species in the Modern Age. Histories of Longing and Belonging (2019)
 


Ragnar Tveterås
er professor i industriell økonomi. Han forskar blant anna på innovasjon og produktivitetsvekst i naturressursbaserte næringar. Tveterås hjelper NHO med å utvikle gode strategiar for berekraftig vekst innan havbruk forankra i FNs 17 berekraftmål. Tveterås er delvis teknologioptimist og talar for at vekst og vern kan kombinerast. Han meiner det er mogleg å auke produksjonen av mange varar utan å auke enkelte typar miljøavtrykk. Men han trur det er naudsynt med radikale innovasjonar i energiproduksjon og fossile brensler i blant anna produksjon av varer og transport for at verdas økonomi skal kunne vekse vesentleg og samtidig ha lågare utslepp av klimagassar.


Oluf Langhelle er professor i statsvitskap og fagansvarlig for ein masterutdanning i energi, miljø og samfunn ved UiS. Han forskar blant anna på grunnlaget for omstilling og er aktuell med ei ny redigert bok om berekraftig utvikling. Langhelle har blant anna skrive om vekstdebatten som har gjennomsyra miljø- og berekraftdebatten frå 70-tallet og fram til no. Han er ambivalent til spørsmålet om økonomisk vekst kan kombinerast med ei berekraftig utvikling med tanke på miljøet. Det er mogleg, meiner han, men det vil krevje langt større innblanding i marknaden gjennom reguleringar, økonomiske incentiv og overordna styring av den globale økonomien, noko som er særs utfordrande å få til. Oluf Langhelle m.fl.: What Next for Sustainable Development? Our Common Future at Thirty (2019)