MENY

SAMTALE: Hatmiljø på nettet - ho tok opp kampen

ONSDAG 25. SEPTEMBER KL 13-14 PÅ UNIVERSITETSBIBLIOTEKET: Den prisvinnande australske journalisten Ginger Gorman vart i 2013 utsett for omfattande trakassering på nettet. 25. september kan du høyre henne i samtale med UiS-professor Helle Sjøvaag på Universitetsbiblioteket.

Portretter av Helle Sjøvaag og Ginger Gorman Helle Sjøvaag møter Ginger Gorman på Universitetsbiblioteket 25. september kl 13.

Ho ville berre skrive ei gladsak om eit homofilt ektepar i Australia for å gje ei marginalisert gruppe i samfunnet eit løft. Men saka tok ei uventa og dramatisk vending då det viste seg at ekteparet var involvert i eit internasjonalt pedofilt nettverk. Dei vart utleverte til USA og dømt, og for journalist Ginger Gorman vart det byrjinga på eit årelangt mareritt der ho og familien hennar vart trakassert og truga på det grovaste på nettet. 

I staden for å la seg knebla bestemde Gorman seg for å ta opp kampen og finna ut kven desse folka var og kva som dreiv dei til å forfølga henne og andre på nettet. I 2019 ga ho ut boka "Troll hunting" om jakta på nettrolla.

Onsdag 25. september kl. 13 kan du høyre henne i samtale med professsor Helle Sjøvaag på Universitetsbiblioteket. Her skal dei mellom anna snakka om Gorman sine opplevingar og journalistikkens vilkår i den digitale medietidsalderen. 

Du finn oppdatert informasjon om arrangementet på Facebook.

Les meir om bakgrunnen for arrangementet på Forskningsdagene sin nettstad: Trolljakt må lovpålegges.