Under forskar-standup inntar forskarane scena på KÅKÅ kverulantkatedralen ein etter ein for å fortelje i eitt kvarter om forskinga si. Målet er å skape begeistring og forståing for ulike typar fag utanfor forskaren sitt eige fagmiljø. Dette er eit fast og populært innslag under dei årlege Forskingsdagane i Stavanger-regionen. Arrangementet er kjent for god stemning og er gratis.
Tysdag 24. september kl 20-22
Narve Dolve (UiS): «Skal vi tru på sladder om læraren?»
Karin Hakalax (VID): «Gud har baller! Om Guds machokvaliteter»
Magne Olav Sydnes (UiS): «Problemet med antibiotika i naturen»
Mette Tveit (MUST): «Oppvekstmiljø - med penger som inngangsbillett»
Daniela Müller-Eie (UiS): «Bom eller ikkje bom - kva er alternativet?»
Ben David Normann (UiS): «Elefanten i verdsrommet»
Onsdag 25. september kl 20-22
Astrid J. Nyland (UiS/AM): «Kvifor gjekk steinaldermennesket over fjellet etter stein?»
Erik Rønning Bergsagel (MUST): «20 jomfruer og ei madam - korleis starte eit hermetikkeventyr?»
Thierry Baussant (NORCE): «Biologisk mangfald i eit vannglass»
Kjersti Engan (UiS): «Kunstig intelligens - kan det hjelpe patologen?»
Edgar Wróblewski (MUST): «Bruk og gjenbruk på 1700-talets dansk-norske seglskuter» (på engelsk)
Ruth Østgaard Skotnes (NORCE): «Vårt sårbare, digitale samfunn»
Anne Kalvig (UiS): «Kan vikingtida vera framtida?»
Programleiar er Eldbjørg Vaage Melberg.