MENY

Kva er Forskar Grand Prix?

På Forskar grand prix deltek 10 doktorgradskandidatar i ein konkurranse om forskingsformidling. I Stavanger kan du i år få med deg den lokale finalen på revyscena Stavangeren under Forskingsdagane, torsdag 26. september. To dagar seinare er det nasjonal finale same stad med 10 finalistar frå heile Noreg.

  • Ben David Normann vann både lokal og nasjonal finale Forskar Grand Prix 2018.
    Moglege svar på store spørsmål om universet vårt vart særs godt formidla av fysikar Ben David Normann som vann både lokal og nasjonal FGP-finale i 2018.
  • Forskar Grand Prix-deltakere 2018
    Programleiar Hilde Zahl med ni deltakarar på Stavanger-finalen i Folken 2018.
  • Ben David Normann vann nasjonal FGP-finale i Tromsø 2018.
    Ben David Normann vann nasjonal FGP-finale i Tromsø 2018.

Forskar grand prix er ein utmerka sjanse for doktorgradskandidatar til å øve seg i formidling. Deltakarene får opplæring i korleis dei kan nå fram med forskinga si til eit stort publikum.

Deltakarane må lage to presentasjonar om eit sjølvvalgt tema om forskinga si. På fire minutt skal dei overbevise publikum i salen og eit dommarpanel om kven som er den beste formidlaren. Ein programleiar styrer showet, som blir vist på NRK Kunnskapskanalen.  

Dei tre som går vidare til finalen får nye fire minutt til å begeistre og engasjere publikum, som avgir sine stemmer med mobiltelefonen sin. 

Dei to beste går vidare til ein nasjonal finale, der dei møter dei beste frå dei andre regionale finalane i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Vann nasjonal finale

I 2018 vann Ben David Normann frå UiS den nasjonale finalen. Difor vert den nasjonale finalen halden i Stavanger. Det skjer laurdag 28. september, på revyscena Stavangeren.

I Stavanger deltek kandidatar frå fire institusjonar: Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus, NORCE og VID vitskaplege høgskole. Det er fri adgang, men plassbegrensing: skaff deg billettar til regional finale her og nasjonal finale her.

Det er Forskingsrådet og den årlege nasjonale forskingsfestivalen Forskingsdagane som er vertskap for den nasjonale finalen, som vert arrangert i samarbeid med Forskingsdagene i stavangerregionen.