MENY

Få innsikt på Forskingstorget!

Laurdag 21. september forlèt forskarane kontora og laboratoria sine ved universitet, sjukehus og forskingsinstitusjonar for å fortelje store og små om kva dei eigentleg held på med.

Forskar snakker med to born. Hanne Røland Hagland fortel om forskinga si til born på Forskningstoget. Foto: Anne Lise Nordheim

Er du nysgjerrig av natur? Ein skikkeleg liten nysgjerrigper? Eller kanskje du berre likar å undre og filosofere litt over korleis verda heng saman? Då bør du besøke Forskingstorget i Stavanger laurdag 21. september frå klokka 11.00 til 15.00. 

Forskingsdagane i stavangerregionen går i år føre seg frå 18. til 29. september og Forskingstorget er eitt av flere arrangement. Det er Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening, og Jærmuseet, avdeling Vitenfabrikken, som arrangerer Forskingstorget. 

I år deltek desse:

  • UiS, Skolelaben
  • ENT3R UiS
  • IOR-senteret + Institutt for energiressurser
  • ION Racing
  • Norce
  • First Lego League
  • Landslaget for Matematikk i Skolen (LAMIS)
  • Skretting
  • AMS/MUST (felles stand om Avaldsnesprosjektet)
  • Jaermuseet avd. Vitengarden
  • SUS – Barne- og ungdomsklinikken (forsknings på prematurmedisin)
  • Helse Stavanger HF – WiseAge/SESAM (forskning på demens)
  • Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser (de var med i fjor og har også SUS-tilknytning)
  • Nysgjerrigper v/Storevarden skole
  • Stavanger Astronomiske Forening (SAF)
  • Tekna

Forskningstorget er gratis. Alle er velkomne!