MENY

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs Forskingsråd, som Universitetet i Stavanger og utallige andre forsknings- og kunnskapsbaserte institusjonar i heile Noreg deltek i.

Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking. Gjennom ei rekkje forskjellige arrangement kan menneskjer i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskningas verd.

Mange av arrangementa under Forskingsdagane har fjerna seg langt frå forskarane si tradisjonelle presentasjonsform – føredraget. Arrangementane er varierte med blant anna åpne laboratorium, utstillingar, debattar, barneuniversitet, båtturar, togturar, quizar, forskar-standup og Forskar Grand Prix.

Festivalen har vorte arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskingsfestivalar.

Festivalen startar kvart år onsdag i veke 38 og vert avslutta søndag i veke 39.

Arrangørar og samarbeidspartnarar

Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen har representantar frå BI Stavanger, Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.

Det meste som skjer er gratis. 

Les meir på nettida til Forskingsdagane