MENY

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forsknings- og kunnskapsbaserte institusjonar i heile Noreg tek del i.

Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking. Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda. Arrangementa går føre seg både på forskaren sin eigen arena og på stadar som ikkje er forbundne med forskingsformidling.

Festivalen har vorte arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskingsfestivalar.

Festivalen startar kvart år onsdag i veke 38 og vert avslutta søndag i veke 39.

Arrangørar og samarbeidspartnarar

Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen har representantar frå BI Stavanger, Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.

Det meste som skjer er gratis. 

Les meir på nettida til Forskingsdagane