MENY

Hjernen er tema for Forskingsdagane 2020

I september kan du oppleve forskinga på nært hald ein rekkje stader i Stavanger og Sandnes. Bli begeistra og få ei større forståing av verda og samfunnet du er ein del av!

Hjernen er tema for Forskingsdagane 2020 Ståle Gundersen (filosof) og Kolbjørn Brønnick (psykolog) er begge UiS-forskarar som har interessert seg for hjernen i si forsking.

Forskingsdagane er ein årleg nasjonal festival i regi av Forskingsrådet som i 2020 vert arrangert frå onsdag 16. september til sundag 27. september. Over 1000 arrangement går føre seg over heile landet – mange av dei i Stavanger-regionen. 

Forskingsdagane ønskjer å begeistre og gje deg større forståing av kva forskarane forskar på og korleis dei forskar på det. Her har du ein unik sjanse til å kome tett på og spørje ein forskar om noko du alltid har lurt på. 

Hjernen er årets tema

Forskingsdagane har nytt tema kvart år, og i 2020 er det «Hjernen». Dette er eit tema som er relevant for oss alle, i større eller mindre grad. I Norge vil nemleg rundt 30 prosent av befolkninga få ein hjernesykdom eller hjerneskade i løpet av livet.

Men hjernen er ikkje berre sjukdom. Hjernen styrer kvardagen vår. Det handlar om følelsar og relasjonar, logikk og læring, korleis vi fungerer og reagerer, tankar og draumar. Hjernen sluttar ikkje i nakken. Den styrer kroppen vår, og omfattar slik både nevrologi og psykiatri, både fysisk og psykisk helse.

Gratis og for alle

Årets program vil bli lagt ut fortløpande, og du kan sjå fram til interessante, morosame og ikkje minst lærerike aktivitetar, foredrag, korte presentasjonar og debattar – for folk i alle aldrar. Og alt er gratis!

Du vil møte forskarar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus, NORCE, VID vitskaplege høgskule, BI Campus Stavanger og ei rekke museum og andre institusjonar.

Fyller torget med forsking

Laurdag 19. september kan små og store undre seg på torget i Stavanger. Då kjem forskarane ut frå laboratoria og kontrora sine for å vise kva dei held på med. 

Kreativitet, formidlingsglede og engasjement er felles for alle stasjonane på Forskingstorget denne dagen.

Forskar Grand Prix

Tysdag 22. september er det klart for formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix, der ti ph.d.-kandidatar får 4 minutt kvar til å overtyde publikum i salen og eit dommarpanel om at dei er den beste til å formidla kva forskinga deira går ut på. Ein programleiar lagar god stemning saman med publikum i salen.  

I Stavanger deltek ph.d.-kandidatar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus og VID Vitskaplege høgskule. Dei to beste i finalen i Stavanger går vidare til den nasjonale finalen, som i år vert arrangert i Trondheim. Finalen i Stavanger vert sendt på NRK kunnskapskanalen – sjå 2019-showet frå revyscena Stavangeren her.

Standup på Kåkå

Også dette året kan festivalen frista med Forskar-standup to kveldar på rad – onsdag 23. og torsdag 24. september – på KåKå Kverulantkatedralen på Sting nere. Her er det etablerte forskarar som snakkar fritt og utan hjelpemiddel i 15 minutt om ein godbit frå forskinga si. I 2019 baud vi på 13 forskarar - og det var som vanleg fullt hus begge kveldane. Her kan du sjå korleis det gjekk føre seg

Les meir om Forskingsdagane.
Alle arrangement er gratis og opne for alle.

Lurer du på noko?
Ta kontakt med regionkoordinator Unni Berland 
unni.berland@uis.no, tlf.:51 83 28 75