MENY

Kva er Forskar Grand Prix?

På Forskar Grand Prix deltek i år åtte doktorkandidatar i ein konkurranse om forskingsformidling. I Stavanger kan du i år få med deg den lokale finalen på Folken under Forskingsdagane, tysdag 22. september. Dei to beste denne kvelden går vidare til nasjonal finale i Trondheim laurdag 26. september.

  • May Linn Auestad aleina på scena.
    Forskar Grand Prix (FGP) er ein konkurranse i forskingsformidling for doktorkandidatar. May Linn Auestad frå Handelshøyskolen ved UiS vann regional finale i 2019 med si forskning på mattelærarens påverknad på elevane sine haldningar og val.
  • Folk på seminar.
    Fram mot arrangementet får kandidaten opplæring og trening i å presentere forskinga si. Ein kommunkasjonsrådgjevar og ein coach støttar deltkarane heilt fram til når dei går inn på scena på finalen.
  • May Linn og alle deltakarane i Forskar Grand Prix 2019 på scena.
    Programleiar Hilde Zahl med vinnaren May Linn Auestad og alle dei ni deltakarane på revyscena Stavangeren i 2019.
  • Publikum i ein sal og eit dommarpanel.
    Publikum i salen stemmer på kandidatane med mobilen sin. Eit dommarpanel gjev poeng. Her frå finalen i 2019.
  • Ben David Normann med blomar på scena.
    Astrofysikar Ben David Normann frå UiS vann nasjonal FGP-finale i Tromsø 2018 med ein gnistrande presentasjon om universet.

Forskar Grand Prix er ein utmerka sjanse for doktorkandidatar til å øve seg i formidling. Deltakarene får opplæring i korleis dei kan nå fram med forskinga si til eit stort publikum.

Deltakarane må lage to presentasjonar om eit sjølvvalgt tema om forskinga si. På fire minutt skal dei overbevise publikum i salen og eit dommarpanel om kven som er den beste formidlaren. Ein programleiar styrer showet, som blir vist på NRK Kunnskapskanalen.  

Dei tre som går vidare til finalen får nye fire minutt til å begeistre og engasjere publikum, som avgir sine stemmer med mobiltelefonen sin. 

Dei to beste går vidare til ein nasjonal finale, der dei møter dei beste frå dei andre regionale finalane i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Kristiansand.

I Stavanger deltek kandidatar frå fire institusjonar: Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus, NORCE og VID vitskaplege høgskole.

Det er Forskingsrådet og den årlege nasjonale forskingsfestivalen Forskingsdagane som er vertskap for den nasjonale finalen, som vert arrangert i samarbeid med Forskingsdagene i stavangerregionen.