MENY

Systematiske kunnskapsoversikter

Ein systematisk kunnskapsoversikt har som mål å samanstille all empiri (publisert forsking) som svarer på eit gitt forskingsspørsmål, og som passer inn i pre-definerte kriterium for inklusjon.

Det som karakteriserer systematiske kunnskapsoversikter er at dei har eit klårt formulert forskingsspørsmål med definerte kriterium for inklusjon og eksklusjon; eit systematisk og grundig litteratursøk; kritisk vurdering av inkluderte studiar; datagrunnlag frå studiane som er inkluderte; analyse og tolking av resultata, og rapportering.

Ein eigen forskingssjanger

Å ha god oversikt over aktuell forskingslitteratur er ei umogleg oppgåve for dei som skal utforme utdanningspolitikk, for praktikarar og for folk flest. Korleis kan vi raskt få oversikt over eksisterande forsking, korleis den er utført og kva den har kome fram til?

Systematiske kunnskapsoversikter er ein eigen forskingssjanger som skal bidra til å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for god politikkutforming og praksis i utdanningssektoren. Fordelen er at dei gir eit betre kunnskapsgrunnlag for avgjersler enn einskilde studiar. I systematiske kunnskapsoversikter brukar forskarar ein systematisk og open prosess for å finne dei mest relevante forskingsbidraga frå eksisterande forsking til å belyse eit forskingsspørsmål. Ut frå fastsette kriterium for inklusjon og eksklusjon finn ein fram til dei mest sentrale artiklane med omsyn til forskingsspørsmålet.

Alle artiklane som inngår i ein systematisk kunnskapsoversikt, blir lagt inn i eit skjema for samanlikning av artiklane. Vi kallar dette skjemaet for ein protokoll.  Det blir laga ein protokoll for kvar studie og den inneheld dei områda som er relevante å samanlikne på tvers av, t.d. problemstilling, metode, tal på informantar, funn osb. frå kvar enkelt artikkel. Vanlegvis vil minst to forskarar uavhengig av kvarandre gjere dette, før dei diskuterer resultatet med kvarandre. Protokollen blir publisert som del av rapporten.

Eit forskingsfelt i stor utvikling

Behovet for kunnskapsoversikter er aukande. Å skrive fram ei god oversikt er krevjande arbeid, og ein reknar med at ein grundig og omfattande systematisk kunnskapsoversikt tar minst 18 månader å produsere. Derfor er det mye som skjer innan teknologien for å gjere søkeprosesser og arbeidet med å identifisere relevante studiar raskare utan å vere av dårlegare kvalitet. Grant & Booth (2019) har identifisert 14 ulike former for kunnskapsoppsummeringar som alle har ulike mål. Dei har også tatt med kunnskapsoversikter som ikkje inneber kvalitetsvurderingar eller kriterium for inklusjon og eksklusjon, og dermed er det ikkje alle som fell inn under kategorien systematiske oversikter.

Innan feltet systematiske oversiktar er det også ulike slag. Nokre av dei mest vanlege er:

  • Mapping review/kartleggingsstudie: Ei oversikt over eit forskingsfelt som t.d. kan gi svar på spørsmål om styrker og svakheiter i forsking, eller kor vi har mykje eller lite forsking, eller kva som blir framheva i forsking fram til i dag.
  • Meta analyse: Numerisk analyse av effektmål på tvers av mange studiar, som har som mål å få fram meir eintydige svar om effekt av tiltak, eller kva veit vi om effektar.
  • Rapid review/rask oversikt: Ei tidsavgrensing for søk blir satt, men sjølve arbeidet med oversikten er grundig og systematisk.
  • State-of-the-art review: Kva er det som skjer på forskingsfeltet innan eit gitt tema akkurat no? Her kan ein også inkludere forsking som er i gang, men som ikkje er publisert.
  • Kvalitativ systematisk oppsummering: Disse kan bruke ei selektiv utveljingsprosess eller ein metode vi kallar «purposive sampling». Målet er å få fram kva bodskap det empiriske materialet har for praksis. Rapporten vil være narrativ heller enn numerisk eller i tabellform.
  • Systematisk kunnskapsoppsummering: Skal ha vidtrekkande søk utan tidsavgrensing og skal gje svar på kva vi veit om eit tema og råd for praksis, pluss kva som er usikkert.


Grant M.J. og Booth, A. (2019). A typology of reviews: an analysis of 14 review types and associated methodologies. Health Information Library Journal, 26(2):91-108. doi: 10.1111/j.1471-1842.2009.00848.x.