MENY

Avhandling om nye kjemikalium

Fernando T. Reyes har no forsvart si doktoravhandling ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet. Disputasen gjekk føre seg 7. mai 2015.

Fernando T. Reyes har i sitt ph.d-arbeid skrive avhandlinga «Studies on New Classes of Low Dosage Hydrate Inhibitors”. 

Lågdose hydratinhibitorar (LDHI) er kjemiske stoff som nyttast i oljeindustrien for å stanse ising i røyr. Forskarar ved UiS arbeider med å utvikle meir effektive og miljøvenlege LDHI-ar.

I sitt doktorgradsarbeid har Reyes fått vegleiing av professor Malcolm Kelland frå Institutt for matematikk og naturvitskap. Han er leiar for programområdet Grøne oljefeltkjemikalium.