I arbeidet med doktorgraden har Pedersen nytta ein moderne simuleringsmetode som gjer at ein kan studera fysiske og kjemiske fenomen i svært liten skala på prøver som er henta opp frå reservoaret.
- Resultata har auka kunnskapen om det som skjer i bergartene under injeksjonen. Dette kan så nyttast i stor skala for å simulera korleis vatnet oppfører seg i reservoaret.
Utvinningsgraden er avhengig av mellom anna storleiken på porene, fordelinga av olje og vatn i bergartene og av kjemiske reaksjonar som følgje av injeksjonen, forklarar Pedersen.
- For å finna korleis feltet kan produserast mest effektiv sett under eitt er det er avgjerande å forstå prosessane som skjer i kjerneprøvene, fortel Pedersen om føremålet med doktorgradsavhandlinga si.
Ho forsvarte avhandlinga ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, Institutt for matematikk og naturvitskap 19. oktober 2015.
Tekst: Lars Gunnar Dahle