MENY

Doktorgrad om styring av leveransar til industrien

Torsdag 11. juni 2015 disputerte Jakob Emanuel Beer for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Stavanger.

Beer forsvarte avhandlinga «Analysis and Management of Bottlenecks in Supply Networks”.

Doktoranden har studert korleis industriverksemder kjøper råvarer dei er avhengige av frå leverandørane. Behovet for råvarer kan variere mykje, på grunn av marknadsendringar og andre faktorar.

Verksemder brukar ulike system for å rekne ut kor mykje dei treng i tida som kjem, slik at dei ikkje skal få flaskehalsar i leverandørkjeda. I si forsking har Beer gått gjennom relevant litteratur frå fleire fagfelt, og lagt grunnen for ein modell som kan gi industriverksemder ein betre analyseprosess for å unngå flaskehalsar.

Hovedvegleiar i doktorgradsarbeidet var professor J. P. Liyanage frå Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP).

 

 

Process plant by night