MENY

Tromsø-disputas om skipsfart

Bjørn-Morten Batalden forsvarte si doktoravhandling om tryggleik i skipsfart tirsdag 2. juni 2015.

Batalden disputerte for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet på UiS. Sjølve disputasen gjekk imidlertid ikkje føre seg i Stavanger, men på UiT - Noregs Arktiske Universitet i Tromsø. 

Bjørn-Morten Batalden forsvarte avhandlinga «Safety Management in Shipping”. Vegleiar på oppgåva har vore professor Kjell Harald Olsen frå Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP).