MENY

Doktorgrad om algoritmar for fleirfasestrømming

Yangyang Qiao har forsvart ei avhandling om petroleumsteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

I doktorgradsarbeidet utvikla Qiao nye algoritmar for å rekne ut komprimerbare og inkomprimerbare fleirfasestrømmingsmodellar med Navier-Stokes blandingsformulering.

Han inkluderte fleire fysiske effektar i strømmingslikningane, som fluid-væske-interaksjon, kapillært mottrykk og liknande. Avhandlinga inneheld numeriske metodar for vitskaplege berekningar og nye modellar som kan nyttast av andre forskarar og ingeniørar.

Avhandlinga har tittelen Mathematical modeling of compressible and incompressible multiphase flow based on mixture theory. Yangyang Qiao forsvarte doktorgraden i disputas 27. februar 2020.

Yangyang Qiao

Yangyang Qiao