MENY

Doktorgrad om kunnskapsoverføring frå olje til medisin

Hilda Bø Lyng har forsvart sin doktorgrad ved Universitetet i Stavanger. Ho forska på korleis kunnskap kan nyttast på tvers av industriar for å skape innovasjon.

Foto av Hilda Bø Lyng i kontormiljø Hilda Bø Lyng

Bø Lyng undersøkte spesielt korleis kunnskap frå oljebransjen kan brukast i medisinske teknologiar.

Forskinga bygde på studium av det såkalla Pumps & Pipes-samarbeidet i USA og Noreg, inkludert konferansar og sju konkrete eksempel på samarbeid. Fire tilfelle frå Norway Health Tech er også inkludert.

Forskinga bygger på kvalitative metodar, spesifikt såkalla «grounded theory».

Viktig med analogiar

Gjennom doktorgraden såg Bø Lyng på korleis aktørar frå ulike industriar kan kommunisere og forstå kvarandre, og fann at bruken av analogiar var viktig.

Ho fann også at aktørane måtte utvikle eigarskap til den ukjende kunnskapen for å utvikle han til et produkt og for å kunne sjå moglegheiter for denne kunnskapen i eigen og ny industri.

Barrierar

Ho undersøkte også kva slags barrierar som finst for denne typen innovasjon. Konklusjonen var at fagpersonar frå ulike felt kan jobbe godt saman, men at dei største problema oppstår når aktørane kjem frå høvesvis kommersielle og ikkje-kommersielle organisasjonar.

Kunnskapen frå avhandlinga kan komme til nytte for alle som jobbar med innovasjon på tvers av industriar. Avhandlinga har tittelen Opposites Attract: Knowledge transfer in Cross-industry Innovation. Disputasen fann stad 4. juni.  

Om kandidaten

  • Hilda Bø Lyng er 47 år og frå Stavanger.
  • Ho har utdanning både som apotekteknikar og optikar med vidareutdanning innanfor kontaktlinser og arbeidsplassoptometri.
  • Ho tok deretter mastergrad i industriell økonomi på UiS, før doktorgraden.
  • No er ho forskar og rettleiar for masterstudentar på UiS.