MENY

Kjerneskala-modellering i auka oljeutvinning

Oddbjørn Mathias Nødland forsvarte doktorgraden sin ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 10. januar 2019.

I sitt doktorgradsarbeid bidrog Nødland til å utvikle IORCoreSim, eit simuleringsverktøy som kan bli svært nyttig for oljeindustrien. IORCoreSim kan nyttast til å minimalisere bruken av polymer, noko som kan gi positive miljøeffektar og føre til at meir olje kjem ut frå reservoaret.

Saman med forskar Arild Lohne ved NORCE vann Nødland SR-Banks Innovation Award i 2017 for utviklinga av IORCoreSim.

Nødland var knytt til Det nasjonale IOR-senteret i arbeidet med avhandlinga, som har tittelen Core scale modelling of EOR transport mechanisms.

Kjerneskala-modellering i auka oljeutvinning

Oddbjørn Mathias Nødland forsvarer avhandlinga si.