MENY

Redusert risiko ved auka oljeutvinning

Rockey Abhishek har avlagt doktorgrad i petroleumsteknologi. Forskinga hans kan gjere det enklare for oljeindustrien å redusere risiko ved oljeutvinning.

Abhisheks forsking tyder på at det finst ein synergi mellom nanopartiklar av silisium-dioksid når ein fløymer vatn med lågt saltinnhald i reservoaret for betre oljeutvinning (EOR).

Synergien ligg i at spreiing av silisiumdioksyd-nanopartiklar i lågt saltholdig vatn kan redusere risikoen for både formasjonsskadar i sandstein, og at reservoaret søkker på grunn av oppløysing av kalkspatt i kalk.

Eksperiment

Systematisk eksperimentell analyse i laboratorium blei utført for å undersøke avsetting av gass eller væske på faste stoff i reservoaret og væske/berg-interaksjonar i fråvær og nærvær av hydrokarbon.

Industrien kan bruke resultata av denne undersøkinga for å redusere risikoen og forbetre ytinga når dei bruker EOR-teknologi basert på å fløyme reservoar med vatn med lågt saltinnhald.

Om doktoranden

Rockey Abhishek er 30 år og opphaveleg frå Vest-Bengal i India. Han har master i petroleumsteknologi frå Indian Institute of Technology i Madras, India, og har no ei forskarstilling på UiS.

Han forsvarte si avhandling Interaction of silica nanoparticles with chalk and sandstone minerals. Adsorption, Fluid/rock Interactions in the absence and presence of hydrocarbons i disputas ved UiS 9. april.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Privat

Rockey Abhishek

Rockey Abhishek