MENY

Tok doktorgrad i modellering av horisontale brønnboringar

Seyed Ahmad Mirhaj har forsvart doktorgraden sin i petroleumsteknologi ved UiS.

I avhandlinga si utvikla Mirhaj 3D-modellar for dreiemoment og trekkraft av mjuke borestrenger i lange og horisontale brønnboringar. Han brukte ei analytisk tilnærming med bruk av trigonometri for bua seksjonar i rommet i 3D-koordinatsystem for å utvikle modellane.

Avhandlinga gir ny kunnskap om moment- og driftsanalyse i borehol. Den kan nyttast til betre evaluering av røyrstivhet på dreiemoment og trekkraft i boring av brønnhol. Forskinga gir også betre forståing av potensielle avvik i borehola i brønnholet.

Doktorgradsarbeidet blei finansiert av Forskingsrådet og UiS. Equinor og Baker Hughes GE bidrog med teknisk støtte til forskinga.

Seyed Ahmad Mirhaj forsvarte si avhandling i disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 8. august 2019.