MENY

Hildegunn Sagvaag blir professor i rusproblematikk

Hildegunn Sagvaag er tildelt personleg opprykk til professor i rusproblematikk ved Det helsevitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Hildegunn Sagvaag Hildegunn Sagvaag. (Foto: Mari Hult)

Sagvaag sin forskingsprofil er tredelt; Rusproblematikk som kunnskapsfelt, rusproblematikk som folkehelse og rusproblematikk som tema innanfor arbeidsliv.

Ved utvikling av kunnskapsfeltet i rusproblematikk fokuserer Sagvaag på ulike kjelder til kunnskap; brukarerfaring, praksiserfaring og vitskapeleg erfaring. For å posisjonera ulike erfaringar er Sagvaag oppteken av datainnsamling som metode og den vitskapelege statusen av ulike ontologiske og epistemologiske posisjonar. Ho har medverka til utvikling av metode for å få tak i erfaringskunnskapen både frå dei som er involverte i rusproblematikk for eigen del, involverte som pårørande, eller som praktikarar i velferdsstaten.

I rusproblematikk som folkehelse tar Sagvaag utgangspunkt i ein tverrfagleg definisjon av folkehelse og legg vekt på den einskilde sin alkoholbruk både i relasjon til andre innanfor fellesskap, og i relasjon til overordna system. 

Rusproblematikk i relasjon til arbeid har vore ein del av Sagvaag si forsking frå doktorgradsavhandlinga i folkehelse med alkoholbruk i tilknyting til arbeid, til deltaking i prosjektet WIRUS (Workplace Interventions Preventing Risky Use of Alcohol and Sickleave), der Sagvaag leiar ein kulturstudie. Innanfor arbeidslivsfeltet har Sagvaag saman med ein kollega også redigert den vitskapeleg antologien Alkohol + arbeidsliv = sant?.

Sagvaag har leia og delteke i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, som EU-prosjektet ALICE RAP (Addiction and Lifestyles in Contemporary Europe Reframing Addictions Project) der målet var å medverka til ein europeisk ruspolitikk og praksis, for å møte utfordringar knytt til rusbruk og avhengigheit. Her deltok 200 forskarar med 29 ulike disiplinar frå 25 land.

Sagvaag rettleiar både doktorgrads- og mastergradskandidatar. Ho er studieprogramleiar for master i rus og psykisk helsearbeid og etablerer i desse dagar eit offentleg doktorgradsprosjekt.

Internasjonalt forskingssamarbeid har resultert i studieopphald ved Kings College i London og ved Tranzo (scientific center for care and welfare), Tilburg-universitetet i Nederland. Dessutan deltek Sagvaag på internasjonale forskingskonferansar og gjer fagfellevurderingar både for nasjonale og internasjonale tidsskrift.