MENY

Velferdstenesteforsking

Forskargruppa utforskar korleis utfordringane i velferdstenesta i Noreg og Norden endrar seg i takt med samfunnsendringane. Blant anna skal dei sjå på korleis NAV-tilsette i samarbeid med brukarar kan utvikle kunnskap om kva som verkar for kven når det gjeld inkludering i arbeid og samfunnsliv. Målet er å sikre gode velferdstenester tilpassa ei ny tid.

Velferdspolitikken skal sikre befolkninga gode levekår, helse og livskvalitet. Når samfunnet endrar seg, treng politikarane ny og oppdatert kunnskap om velferdstenestene som ytes slik at dei kan forme ein velferdspolitikk tilpassa ei ny tid. Dei treng til dømes å vete noko om brukarane generelt og om sårbare grupper spesielt. Dette er kunnskap forskarane kan hjelpe dei med.

På kva måte vil samfunnsendringane rokka ved vår nordiske velferdsmodell? Kva for velferdssystem egnar seg best i møte med eit stadig meir pluralistisk samfunn? Korleis arbeider sosialarbeidarar innan ulike velferdssystem med brukarar og familiar med komplekse behov? Dette er nokre av spørsmåla forskarane ved UiS skal jobbe med saman med praksisfeltet og eksterne forskarar, når dei skal studere sosialt arbeid og sosialpolitikk i eit lokalt og internasjonalt perspektiv.

I Noreg har vi hatt ein omfattande NAV-reform og vi har hatt samhandlingsreforma. Dette er gjort for å møte utfordringane som kjem med samfunnsendringane. Forskarane som driv velferdstenesteforsking ved UiS har sett seg som mål å få fram ny kunnskap om korleis dei nye organisasjons- og styringsformene påverkar kvardagen til menneskjer som er avhengige av hjelp. Forskarane ser spesielt på tre hovudtema: internasjonalisering, velferdspolitikk og profesjonar og brukarar av velferdsstatens tenester. Dei ønskjer å få fram kunnskap som kan gjere velferdstenestene betre og bidra til ein fornying av offentleg sektor.

Internasjonalisering
Den auka innvandringa til Norden og Noreg gjer at samfunnet endrar seg. Vi må tenkje nytt om velferdstenestene og utforma dei slik at dei passer betre i eit fleirkulturelt samfunn. Sjukepleiarar, sosialarbeidarar og barnehagetilsette må vere viljuge til å endre arbeidsmåtar og system, tilpassa ei ny tid. Forskargruppa skal få fram eit godt kunnskapsgrunnlag kring det som handlar om internasjonalisering, migrasjon og pluralisme slik at ein kan skape eit velferdssamfunn tilpassa eit pluralistisk samfunn.

Velferdspolitikk
Forskargruppa i velferdstenesteforsking ved UiS samarbeider tett med praksisfeltet. Dette for å sikre relevant kunnskap og for å sørgje for at ein blir betre til å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i sektoren og i helse- og velferdsutdanningane. I tillegg er dette eit nordisk samarbeid som kan gjere fruktbare samanlikningar mellom ulike velferdssystem. Dei skal til dømes sjå på korleis komparative studiar innan serviceområda rus, immigrasjon, funksjonshemma og barnevern kan gje eit bidrag til teoriutvikling omkring velferds- og familieregimer og profesjonars vilkår som «bakkebyråkratar»?

Profesjonar og brukarar
Forskarane er også interesserte i korleis ein kan forbetre arbeidspraksis. Dei ønskjer til dømes å få meir kunnskap om korleis saksbehandlarar i NAV samarbeider med brukarane og sjå nærmare på korleis dei kan utvikle kunnskap om kva som verkar for kven. Denne kunnskapen blir ein støtte for NAV og deira samarbeidspartnarar i helse-, sosial- og utdanningssektorane og i arbeidslivet.

Andre viktige spørsmål forskarane skal stille er: Korleis verkar fleir- og tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med privat og sivil sektor inn på det profesjonsfaglege arbeidet? Korleis anvende forskingsbasert kunnskap i helse- og velferdsutdanningane slik at studentane som framtidige profesjonsutøvarar utviklar kompetanse innan innovasjons- og endringsprosessar i praksisfeltet?

Prosjektet er delt opp i delprosjekt med ekstern finansiering i større eller mindre grad. Finansieringskjelder: NORF ACE (Europeisk forskingssamarbeid), EU-Marie Curie, Arbeid- og velferdsdirektoratet, Norges forskingsråd og lokal finansiering via universitet i ulike verdsdelar.

UiS logo
Helsearbeider og pasient.

Forskarane skal studere sosialt arbeid og sosialpolitikk i eit lokalt og internasjonalt perspektiv.