Disputas: Elevaggresjon, lærarautoritet og disiplinproblem i klasserommet

Disiplinproblem i klasserommet, årsaksmekanismar og løysingsmodellar var temaa når Grete Sørensen Vaaland disputerte ved Det humanistiske fakultet 24. november 2016.

Published Sist oppdatert

En jente som lener seg mot veggen og tre andre jenter som peker.

Målet med avhandlinga til Grete Sørensen Vaaland er å auke forståinga av aggressivitet hjå elevar, disiplinproblem og samanhengar mellom desse, samt relasjonen til lærarautoritet. Avhandlinga omfattar to kvantitative (spørjeskjema) og ein kvalitativ studie (multi case), og har tittelen Pupil aggressivenessteacher authority, and disruptive classroom behaviour.  

Elevaggresjon truar læraren sin autoritet 

Skuleklassen påverkar elevar si læring og åtferd, og både elevar og lærarar bidreg til å forme ei klasse. Ikkje alle responderer likt på miljøet rundt seg. Nokre elevar blir lett sinte og utagerer. Andre utagerer utan å vera sinte, men fordi det gir sosiale gevinstar som makt og tilhøyrsle.  

Både proaktiv og reaktiv aggressivitet er kopla til disiplinproblem. Drivkrafta bak reaktiv aggresjon er først og fremst frustrasjonar eller provokasjonar, medan proaktiv aggressivitet er å reagere med utadretta aggresjon for å oppnå goder eller sosiale gevinstar.  

Disiplinproblem er åtferd eleven veit bryt med standardar og instruksjonar gitt av læraren. Ei slik åtferd undergrev læraren sin posisjon som leiar. Den effekten oppstår uansett om eleven har til hensikt å ramme læraren eller ikkje. Elevar med proaktiv aggresjon kan bruke disiplinproblem for å spele ut læraren, eller konkurrere med læraren om makta og innverknaden i klassen. 

Proaktivt aggressive elevar kan også gå etter påskjøning i form av tilhøyrsle med ei gruppe medelevar ved å vise opposisjon mot læraren. Ei ekstra utfordring for lærarar som møter denne typen elevåtferd, er at proaktivt aggressive elevar ofte er flinke til å trekkje med seg medelevar, og dermed få negativ åtferd til å smitte.  

Ein annan trussel mot læraren sin autoritet, som også er knytt til elevar med proaktiv aggresjon, er interessa for å finne svakheitstrekk hjå nye lærarar. Informasjon om læraren sin sårbarheit kan brukast for å spela ut læraren, og dermed kan eleven sjølv oppleve gevinstar som makt og tilhøyrsle på læraren sin kostnad. 

God klasseleiing og forståing av mekanismane er viktig for å førebyggje elevaggresjon 

Det er ein føresetnad for god og effektiv klasseleiing at læraren har autoritet. Autoritet er makt basert på tillit. Elevane kan gje læraren autoritet når dei opplever at læraren kan og vil ivareta dei, deira interesser og klassens ve og vel. 

I nokre skuleklassar blir læraren spelt ut som leiar, og klassen vert prega av omfattande disiplinproblem. To hovudstrategiar brukast i arbeidet med å reetablere lærarautoritet og læringsmiljøet i slike klassar. Den eine tilnærminga er basert på bevisstgjering og læring, medan den andre vektlegg gruppedynamiske prosessar med omfordeling av sosial makt og innverknad i klassen.  

God forståing av mekanismane i proaktiv aggresjon kan gjera lærarar betre i stand til å førebyggje at denne typen elevåtferd pregar klasserommet. Læraren si leiarrolle kan bli undergraven av proaktiv aggresjon, og samstundes kan lærarar med svak autoritet stimulere til meir aggresjon i klassen. 

Lærarar med god autoritet verkar førebyggjande på aggresjon, og lærarar som handterer aggressiv elevåtferd på ein god måte kan styrke sin posisjon som leiar for elevane.  

Artiklar i avhandlinga 

  • Vaaland, Grete Sørensen, Idsøe, Thormod & Roland, Erling (2011). Aggressiveness and Disobedience. Scandinavian Journal of Educational Research, 55(1), 1–22. 
      
  • Vaaland, Grete Sørensen & Roland, Erling (2013). Pupil aggressiveness and perceptual orientation towards weakness in a teacher who is new to the class. Teaching and Teacher Education, volume 29, 177–187. 
      
  • Vaaland, Grete Sørensen. Back on track: Approaches to managing highly disruptive school classes. 
Grete S. Vaaland smiler til kamera
Grete Sørensen Vaaland

Professor Erling Roland har vore hovudrettleiar og professor Thormod Idsøe har vore medrettleiar – begge frå Læringsmiljøsenteret.