MENY

Ny bok: Dommarar som ytrar seg

Ola Johan Settem ved Handelshøgskolen ved UiS har nyleg gitt ut ei bok om dommarhabilitet med tittelen "Dommarar som ytrar seg".

Boka "Dommarar som ytrar seg" er gitt ut på Damm Akademisk, om eit så fengande tema som dommarhabilitet - nærare bestemd når dommarar kan bli inhabile på bakgrunn av ytringar om rettslege, politiske eller andre typar spørsmål. Dette er ei bok om eit spanande prosessrettsleg spørsmål, og forfattaren er ikkje så reint lite stolt av at  boka er skrive på "eit klangfullt" nynorsk.

Om boka:

Kva konsekvensar kan det ha at ein dommar kjem med meiningsytringar, det vera seg om rettslege spørsmål eller andre typar faglege spørsmål, eller om politikk og generelle samfunnsspørsmål? Kan dommaren bli inhabil i ei seinare rettssak for denne typen ytringar, og kva skal i så fall til? Føremålet med denne boka er å setja søkjeljoset på og analysera nærare dei forskjellige tilfella kor det finst grunnlag for å stilla spørsmål ved habiliteten. Forfattaren identifiserer fleire generelle utgangspunkt for habilitetsvurderinga og drøftar ei rekkje praktisk viktige typetilfelle av inhabilitet på bakgrunn av meiningsytringar.

Om forfattaren:

Ola Johan Settem (f. 1981) er førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har master i rettsvitskap og PhD frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd mellom anna som dommarfullmektig i Bergen tingrett og som advokat i Kluge advokatfirma. Han har også gjeve ut boka «Applications of the 'Fair Hearing' Norm in ECHR Article 6(1) to Civil Proceedings»

Førsteamanuensis Ola Johan Settem

Førsteamanuensis Ola Johan Settem