MENY

Ola Kvaløy blir ny dekan på Handelshøgskolen ved UiS

Styret ved UiS har tilsett professor Ola Kvaløy (45) som dekan på Handelshøgskolen ved UiS (HHUiS), frå 1. august 2019.

Ola Kvaløy blei 7. mars tilsett som professor i samfunnsøkonomi og prodekan for forsking ved HHUiS. Han er også professor II ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Han har både master- og doktorgrad i økonomi og har vore professor i faget ved UiS sidan 2008.

Kvaløy har leidd fleire større forskingsprosjekt og publisert ei rekke fagartiklar på tema knytt til insentiv, økonomisk åtferd og økonomisk organisering. Kvaløy er ein aktiv forskingsformidlar og fast spaltist i Dagens Næringsliv.

Ambisiøs strategi

Kvaløy ser fram til å leie HHUiS, som er eitt av sju fakultet ved UiS.

– Eg gler meg til å ta fatt som dekan. Vi har eit respektert og energisk fagmiljø, gode forelesarar, interesserte studentar, og ein solid og dyktig administrasjon. Vi har også ein spennande og ambisiøs strategi som sikter mot sterkare nasjonal og internasjonal anerkjenning. Eg vil jobbe hardt for at vi når dei måla vi har sett oss, og gler meg til å utvikle skolen vidare, saman med kollegar og studentar, sier Kvaløy.

Vil du vite meir om HHUiS? Besøk fakultetet på nett

Tekst: Leiv Gunnar Lie

Ola Kvaløy

Ola Kvaløy