MENY

Velkommen til Handelshøgskolen ved UiS!

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger har eit svært engasjert fagmiljø som undervis og driv forsking på internasjonalt nivå og kan tilby nokre av dei mest ettertrakta studietilboda i landet

Studenter utenfor Handelshøgskolen ved UiS Handelshøgskolen ved UiS,

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger (HH-UiS) ble etablert 1. januar 2011, men har ei uavbroten historie frå og med opprettinga av studium i økonomi og administrasjon i Stavanger ved Rogaland distriktshøgskole i 1969.

Vi har 95 tilsette med høy faglig kompetanse og gode nettverk med andre forskarar og forskingsinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Av desse er 20 doktorgradsstipendiatar. Innanfor undervisning og forsking har vi nær kontakt med samfunns- og næringslivet.

Handelshøgskolen ved UiS er delt inn i tre fagavdelingar: avdeling for rekneskap og rettsvitskap, avdeling for samfunnsøkonomi og finans og avdeling for innovasjon, leiing og marknadsføring.

Det er over 1200 studentar knytte til Handelshøgskolen ved UiS. Av desse er 750 studentar på bachelornivå, 350 på masternivå og nærare 100 som følger Executive MBA-programmet. Ved å ta mastergrader hos oss kan du bli både siviløkonom og statsautorisert revisor. Grunnutdanningane på bachelornivå er innanfor økonomi og administrasjon eller rettsvitskap.

Alle organisasjonar treng kompetanse for å styre den strategiske utviklinga og sikre ein berekraftig ressursbruk. Dette er kjernen i studieprogramma våre, og kandidatane blir kvalifiserte til å jobbe innanfor industri, bank og finans, revisjon og IT, administrasjon i offentleg og privat tenesteytande sektor i brei skala.