MENY

Studietilbod ved IER

Institutt for energiressursar har eit variert studietilbod på bachelor-, master- og doktorgradsnivå i petroleumsrelaterte fag.

  • Geolaben til petroleumsgeologi-studentene ved UiS.

    Bachelor i petroleumsgeologi

    Geologi er læra om opphavet til jorda, oppbygging og forandring. Som ingeniør med kompetanse i petroleumsgeologi, vert du med og tek ansvar for samspillet mellom teknologi, miljø og samfunn i petroleumsleiting og -utvinning.

  • Illustrasjon av to oljeriggar

    Bachelor i petroleumsteknologi

    Petroleumsingeniørar arbeider i olje- og gassindustrien, og har ofte ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar. Eit vitnemål frå UiS i petroleumsteknologi kvalifiserer deg for stillingar på land og utaskjærs. Utdanninga held høgt internasjonalt akademisk nivå, og nokre av kursa blir undervist på engelsk.

  • Illustrasjonsfoto master i petroleumsgeologi UiS

    Master i petroleumsgeologi (toårig)

    På masterstudiet i petroleumsgeologi lærer du meir om korleis geologiske og geofysiske metodar kan brukast for å påvisa ressursar i jordskorpa. Masterprogrammet er for deg som vil vera med på utviklinga innan leita- og produksjonsteknologi.

  • Master i petroleumsteknologi (toårig)

    Dette masterprogrammet kvalifiserar deg til ein internasjonal karriere innanfor olje- og gassindustrien. Det passar for deg som er god i realfag og har ei interesse i utvikling og bruk av teknologi. Utvalet av spesialiseringar spenner frå boring og brønn til naturgassteknologi eller reservoarteknologi.

  • Master i petroleumsteknologi (5-årig)

    Dette masterprogrammet kvalifiserer deg til ein internasjonal karriere innanfor olje- og gassindustrien. Det høver for deg som er god i realfag og har ei interesse for utvikling og bruk av teknologi. Viss du ønsker å bidra til å utnytte olje- og gassressursar på best mogleg måte, økonomisk og miljømessig, er dette studieprogrammet for deg. Utvalet av spesialiseringar spenner frå boring og brønn til naturgassteknologi eller reservoarteknologi.

  • Doktorgradsprogram i petroleumsteknologi

    Ph.d.-programmet i petroleumsteknologi har spesialiseringar innanfor petroleumsgeologi, boring, reservoar og naturgass.