MENY

Disputas om flaskehalsar i leverandørindustrien

Torsdag 11. juni 2015 vil Jakob Emanuel Beer disputera for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Beer forsvarer avhandlinga «Analysis and Management of Bottlenecks in Supply Networks».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10:00 og disputas kl. 12:15.

Emne for prøveførelesinga er: «Global trends in Manufacturing».

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164. Leiar av disputasen er Per Skjerpe, leiar for Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi.