MENY

Disputas om modelltekstar

Anne Håland forsvarer si doktorgrad ved UiS 17.desember. Ho har forska på korleis elevar nyttar modelltekstar i eigne arbeid.

Modelltekstar er ei undervisnings- form kor utvalde tekstar blir gjennomgått og snakka om i klassen før elevane sjølve får i oppgåve å lage ein tekst. I si doktorgrad ”Bruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet” ser Anne Håland på korleis elevar brukar skrivemønster frå modelltekstar i eigne tekstar.

I løpet av eit skuleår har 44 elevar på 5.trinn arbeida med modelltekstar. Tekstane dei har brukt har vore fagbøker, autentiske arbeidslivs- tekstar og lab-rapportar. Læraren har saman med elevane studert tekstane og funne fram til språklege trekk og mønster som er karakteristiske for dei ulike tekstane. Håland har så undersøkt i kva grad desse trekk er å finne att i elevane sine tekstar.

Studien viser at elevene bruker mange av de mønstra som modelltekstane gir. I tillegg er lærarens undervisning av betyding for korleis elevane brukar skrivemønster. 

Les meir om doktorgrada.

Prøveforelesing klokka 10.00 med tildelt emne: «Korleis kan ein sosialsemiotisk tilnærmingsmåte styrke forsking på fagskrivinga til elevar?». Disputasen byrjar klokka 12.00. 

Anne Håland tilsett ved Lesesenteret ved UiS.


 

Bilde av Anne Håland.

Anne Håland forsvarer si doktorgrad tysdag 17.desember.