MENY

Doktorgrad om produktivitet i anleggsbransjen

Emad Abd El-Hamied El-Maghraby Mohamed forsvarar sin doktorgrad i leiing.

I sitt doktorgradsarbeid har han utvikla ein modell som kan føreseie produksjonsraten for bygging av hus når  flytande ferdigblanda betong blir tilført gjennom kraner.

Emad Abd El-Hamied El-Mghraby Mohamed er knytt til Handelshøgskolen ved UiS.
Avhandlinga har tittelen «Estimere husproduksjon i Egypt ved å tilføre betong med kraner».

Disputasen finn stad kl. 12.00. Prøveforelesinga har tittelen  “'Methodologies for analyzing influencing factors effecting productivity in the construction industry” og startar kl. 10.00.

Både disputasen og prøveforelesinga er open for alle interesserte.

Les meir om El-Mghraby sin doktorgrad.