MENY

Foredrag med Abel-prisvinner Yakov G. Sinai

Den 22. mai kjem Yakov G. Sinai til Universitetet i Stavanger for å halde foredrag.

Det Norske Videnskaps-Akademi har tildelt Abelprisen 2014 til  Sinai (78), Han er tilsett ved Princeton-universitetet i USA og Landau-instituttet for teoretisk fysikk ved Det russiske vitenskapsakademi.

Russaren er ein av 1900-tallets mest framståande matematikarar. Han har oppnådd ei lang rekkje banebrytande resultat innanfor teorien om dynamiske system, matematisk fysikk og sannsynsteori.

Prisvinneren vitjar Stavanger-regionen 22. mai. Foredraget hans har tittelen "Navier-Stokes system and Renormalization Group Method" og er ope for alle interesserte.

 

Portrett Yakov Sinai

Yakov Sinai (Foto: Princeton University, Department of Mathematics)