MENY

Foredrag om Grunnlova med Tom Hetland

Onsdag 14. mai blir det debatt om den norske grunnlova. Kvar står grunnlovsverdiane i dag?

Vitenskapsakademiet i Stavanger inviterer til åpent møte onsdag 14. mai kl. 19:00.

Norge feirar 200-årsjubileet for Grunnlova med store ord og flott festivitas. Men kva er det eigentleg me feirar?

Kva var kjerneverdiane i eidsvollsverket, og kva verdiar var fråverande?

Har vår oppfatning av demokratiet endra seg sidan 1814? Er Grunnlova framleis viktig?

Vil endringane i Grunnlova, som Stortinget sannsynlegvis vedtek 13. mai, gjera lova meir relevant?

Foredragshaldar er Tom Hetland, historikar og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Portrett av Tom Hetland