MENY

Forskarstandup på KåKå

Sju forskarar får 15 minutt til å fortelje om forskinga si to kveldar på rad på KåKå. Gratis inngang.

Forskarstandup heiter konseptet og har eksistert sidan tidleg 2000-talet. Arrangementet kor forskarene fortel i eitt kvarter om forskinga si, er eit fast innslag kvar september under Forskningsdagane i stavangerregionen.

Sjølv om det er snakk om «standup» er det ikkje slik at forskarane er så skrekkeleg morosame, sjølv om nokre sjølvsagt faktisk er det òg. Det vi i alle høve kan garantere er at det blir interessant å høyre på.

Det heile skjer onsdag 26. og torsdag 27. september frå klokka 20.00 til 22.00 på KÅKÅ kverulantkatedralen – Sting nere, Valbergjet 3.

Programleiar: Eldbjørg Vaage Melberg

Onsdag 26. september – kl. 20.00-22.00

Inge Særheim (UiS): «Utburden – minne om barnemord i stadnamn?»

Trude Eriksen (MUST): «Fra unger på sjølstyr til full kontroll»

Etienne Cheynet (UiS): «Hvordan kan vi se vinden i en fjord?».

Hedwig M.K.W Bogstad-Kvam (VID): «Gir samtalegrupper friskere flyktningeungdommer?»

Ola Kvaløy (UiS): «Tillit i det 21. århundre»

Marie Smith-Solbakken (UiS): «Kielland-ulykken. Kampen om fortellingen».

Anna Rebecca Solevåg (VID): «Jesus elsker alle barna? Barn i Det nye testamentet.»

Følg gjerne Standup-arrangementet på FB for oppdateringar.  
Les om programmet for begge dagane: Forskarstandup på KåKå
Les om heile programmet til Forskningsdagane i stavangerregionen 2018.

 

Inge Særheim på scene.

Professor Inge Særheim er heilt rå på stadnamn i Rogaland.