MENY

Forskarstandup på KåKå

Sju forskarar får 15 minutt til å fortelje om forskinga si to kveldar på rad på KåKå.

Forskarstandup heiter konseptet og har eksistert sidan tidleg 2000-talet. Arrangementet kor forskarene fortel i eitt kvarter om forskinga si, er eit fast innslag kvar september under Forskningsdagane i stavangerregionen.

Sjølv om det er snakk om «standup» er det ikkje slik at forskarane er så skrekkeleg morosame, sjølv om nokre sjølvsagt faktisk er det òg. Det vi i alle høve kan garantere er at det blir interessant å høyre på.

Det heile skjer onsdag 26. og torsdag 27. september frå klokka 20.00 til 22.00 på KÅKÅ kverulantkatedralen – Sting nere, Valbergjet 3.

Programleiar: Eldbjørg Vaage Melberg

Torsdag 27. september – kl. 20.00-22.00

Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo (UiS): «Nordmenn på jobb i Alicante»?

Kirsten Jæger Fjetland & Miroslava Tokovska (VID): «Pårørendes erfaring i møte med demens».

Finn Arne Jørgensen (UiS): «Hva skal vi med hytteporno?»

Magnus Bjørkavoll-Bergseth (SUS): «Er det skadelig å trene? Utslipp av hjerteskademarkører ved fysisk aktivitet»

Kari Einarsen (NORCE): «Etikk og folk»

Jo Røislien (UiS): «Å redde liv med ligninger»

Følg gjerne Standup-arrangementet på FB for oppdateringar.  
Les om programmet for begge dagane: Forskarstandup på KåKå
Les om heile programmet til Forskningsdagane i stavangerregionen 2018.

Jo Røislien på scenen.

På Kåkå den 27. september fortel professor Jo Røislien om eiga forsking. Foto: Mari Løvås