MENY

Forskingstorget 2018

Laurdag 22. september forlèt forskarane kontora sine ved universitet, sjukehus og forskingsinstitusjonar for å fortelje store og små om kva dei eigentleg held på med.

Er du nysgjerrig av natur? Eller har du born som likar å undre og filosofere litt over korleis verda heng saman? Då bør du ta med deg familien og besøke Forskningstorget på laurdag 22. september frå klokka 11.00 til 15.00. På grunn av dårleg vêrvarsel er Forskningstorget flytta frå torget i Stavanger til Arkeologisk museum. 

Forskingstorget er eit arrangement under Forskingsdagane som Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening, og Jærmuseet, avdeling Vitenfabrikken, står bak. Medarrangør er Arkeologisk museum. 

Les meir om Forskingstorget
Hald deg oppdatert på Forskingstorget sitt FB-arrangement

Forskningsdagane i Stavangerregionen går av stabelen frå 19.til den 30. september. 

Forskingstorget er gratis. Alle er velkommen!

Logo Forskningsdagene

Hanne Røland Hagland fortel om forskinga si til born på Forskningstoget 2015. Foto: Anne Lise Nordheim