MENY

H.K.H. Kronprins Haakon avdukar studentenes racerbil!

Onsdag 20. mai blir ein stor dag for studentforeininga ION Racing og UiS. Kronprinsen sjølv kjem for å delta i avdukinga av årets elbil, som studentane skal konkurrera med i England til sommaren.

Rogalandsbesøket til Kronprinsen blir denne gongen avslutta med eit besøk på Universitetet i Stavanger kl. 17.00. Studentforeininga ION Racing avdukar årets racerbil, eit imponerande elektrisk kjøretøy som tar deg frå 0-100 km/t på under tre sekund!

Bilen skal delta i Formula Student, verdas største konkurranse for ingeniørstudentar, på legendariske Silverstone Circuits i England.

Førebels program: 

  • Rektor Marit Boyesen ønskjer velkomen
  • Presentasjon av prosjektet ved marknadsansvarlig, Elias Moland
  • Takketale ved teamleder, Erik Vassøy Olsen
  • Kåring av vinner av konkurranse ved charity: water
  • Avduking av årets racerbil
  • Presentasjon av bilen ved teknisk leder, Jørgen Andresen

Obs! Alle er hjarteleg velkomne til å vere med, men du må vera på plass i auditoriet seinast fem minutt før arrangementet start.

Påmelding for presse og meir informasjon om det kongelege besøket finn du på Fylkesmannen sin nettstad.

 

ION Racing (logo)

ION Racing