MENY

Kva type munnlege formuleringar nyttar elevane om læraren?

Narve Dolve disputerer for doktorgraden i lesevitskap 7. mars 2019. Han har sett på tilhøvet mellom lærarar og elevar ut frå synspunktet til elevane, og kva type munnlege formuleringar som blir nytta.

Dolve har i avhandlinga «Eleven sine talehandlingar og læraren sitt omdømme» analysert intervju med 14 informantar på det 10. klassetrinnet i grunnskulen.

Analysane konsentrerer seg om måten elevane karakteriserer lærarane sine på i  uformelle samtalar dei imellom, på skulen eller i fritida.

Prøveforelesninga med tildelt emne «Korleis kan retorikk brukast som metodologisk og teoretisk reiskap i pedagogisk/didaktisk forsking?» startar klokka 10.00. Sjølve disputasen startar klokka 12.00.

I vurderingskomitéen er professor Anders Sigrell frå Institutionen för kommunikation och medier ved Universitetet i Lund, professor Marte Blikstad-Balas frå Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo og professor Alexandre Dessingué ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet har vore professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ved Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS. Professor Elaine Munthe ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved UiS har vore medrettleiar.

Disputasen blir leia av Odd Mange Bakke, instituttleiar ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS

Både disputas og prøveførelesing er opne for alle interesserte.

Avhandlinga er tilgjengeleg for gjennomsyn på biblioteket ved UiS

Narve Dolve er fødd på Voss og busett på Sandnes. Han har hovudfag i pedagogikk og arbeider som universitetslektor ved Universitetet i Stavanger. Han føreles i pedagogikk og retorikk på praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

 

Kva type munnlege formuleringar nyttar elevane om læraren?

Narve Dolve disputerer 7. mars.