MENY

Noreg – eit språkleg annerledesland?

I anledning av språkåret 2013 inviterer Vitenskapsakademiet i Stavanger og Forum for Historie, kultur og samfunn til åpent møte i Arkeologisk museum. Professor Sylfest Lomheim, Universitetet i Agder, snakker om "Det språklige annerledeslandet".

Er Noreg eit annerledesland? Ja , me er vel det, på ein del område, har det vorte vanleg å hevda.

Det er særleg i ein del samfunnsfag at slike synspunkt av og til kjem fram.

Men det som sjeldan kjem fram, er at det knapt finst noko område hos oss der vårt land er så avvikande frå andre land i Europa som nettopp det språklege. Me har ein språkhistorie dei siste to hundre åra som er heilt ulik alle andre lands, me har ein språksituasjon
I dag som er heilt ulik den me finn i andre land.

Foredraget kjem til å utdjupa dette. Og avslutningsvis vil den nyaste språkpolitikken som no er vedteken av Stortinget, bli tatt opp.
På  totusentalet har nemleg dét skjedd at me har fått ein språkpolitikk og ein språkdebatt som nærmar seg meir det me finn
i landa rundt oss – i Norden og elles i Europa.