MENY

Ope filosofisk seminar

Programområdet Conditions of Normativity ved UiS inviterer til ope filosofisk seminar.

"Det løgnaktige vesenet – mennesket"

Finn Tveito, fyrsteamanuensis ved Institutt for kultur og språkvitskap, UiS

«Mennesket er eit løgnaktig vesen. Løgner blir ofte brukte for å føra einkvan bak lyset, anten det går ut over eit enkeltindivid eller ei stor gruppe. Men sjølv om løgner er eit verkemiddel som har stått til disposisjon for mennesket i lange tider, er det vanskeleg å finna gode studiar om dette emnet.

Det har vore lite snakk om evna til å lyga. Og når løgner blir omtalte, blir dei gjerne blanda saman med sjølvbedrag og illusjonar. Men det er ei uheldig samanblanding, for det å lyga bør framfor alt sjåast som ei medviten handling, der einkvan freistar å gi ei løgnaktig framstilling av ei sak – med fullt overlegg. Løgn er såleis ikkje det same som sjølvbedrag.

Det er elles grunn til å understreka at løgnaren kan gjera stor skade i det sosiale livet, ikkje minst fordi han misbrukar den naturlege tilliten som dei fleste individ har til kvarandre. Men lat meg leggja til at det finst situasjonar der løgner kan seiast å vera naudsynte eller legitime.

Innlegget mitt er eit forsøk på å klara opp i spørsmålet om kva ei løgn er, og korleis me bør handtera løgner som sirkulerer ikring oss. Døme hentar eg særleg frå litterære tekstar.»

Tveito har skrive doktoravhandling om romanane til Samuel Beckett, og gav i 2010 ut boka Det vandrande mennesket.

Vel møtt!