MENY

Skrik djevelen meir enn Gud i engelske skodespel frå mellomalderen?

Hildegunn Støle disputerer for ph.d.-grada ved Universitetet i Stavanger fredag 22. mars 2013. Støle har studert utrop i seinmellomengelske skodespel.

Fungerer utrop annleis i tale enn i tekst? Slike spørsmål har Støle søkt å finna svar på i phd-avhandlinga; «Interjections in Late Middle English Play Texts: A Multi-Variable Pragmatic Approach», om seinmellomengelske skodespel.

Bedømmelseskomitéen vil bestå av professor Gabriella Mazzon, Leopold-Franzens-Universität, Innsbruck, professor Graham Caie, University of Glasgow og førsteamanuensis Ion Drew ved Universitetet i Stavanger.

Hovudrettleiar har vore førsteamanuensis Jacob Thaisen frå UiS. Universitetslektor/PhD Martti Mäkinen, Hanken School of Economics, Helsinki har vore medrettleiar. Leiar for disputasen blir senterleder Unni Vere Midthassel frå UiS.

Prøveforlesninga er klokka 10:00 og har tittelen «In the Wakefield Noah play Mrs Noah swears 'By St John!' and 'By Christ!' (lines 203 and 205) and the shepherds in The Second Shepherd's Play refer to St Thomas of Kent and a local town, Horbery (lines 458 and 455). The medieval biblical plays are full of such anachronisms and there is little sense of historic period. What message(s) are the playwrights attempting to convey by this? »

Avhandlinga finst til gjennomsyn på biblioteket ved UiS

Alle interesserte er velkomne til prøveforelesninga og til disputasen.