MENY

StaRus-konferansen 2014

Universitetet i Stavanger, IRIS, Rogaland A-Senter og Stavanger universitetssjukehus inviterer til eit inspirasjonsseminar for kunnskapsutvikling innafor rusfeltet.

I motsetning til i dei fleste andre land aukar døgnbehandlingskapasiteten i Noreg. På StaRus-seminaret i år ynskjer vi ikkje å fortsetje diskusjonen om vi treng døgninstitusjonar eller ikkje. Vi vil heller stille det langt viktigare spørsmålet: Kva skal vi bruke dei til? Det vil seie; for kva formål skal vi bruke dei? For kven skal vi bruke dei? Når i endringsprosessane skal vi bruke dei?

Målgruppa er alle som interesserer seg for kunnskapsutvikling innafor rusfeltet.

Se program for StaRus-konferansen 2014 på våre konferansesider.