MENY

UiS Debatt: Kampen om velferds-Noreg

Midt i valkampen inviterer UiS Debatt, Stavanger Aftenblad og Folken til politisk debatt. Tema: Kva meiner eigentleg partia med velferdssamfunnet?

Politikarane Eirin Sund (Ap), Bent Høie (H) og Ketil Solvik-Olsen (Frp) møtast til valkampdebatt i Folken. Vi spør: Alle vil ha velferdssamfunnet, men kva vil dei med det?

Først blir det innleiing av førsteamanuensis Ketil Knutsen ved UiS, som har forska mykje på temaet.

Deretter blir det paneldebatt med Eirin Sund (Ap), Bent Høie (H) og Ketil Solvik-Olsen (Frp). Knutsen er også med i paneldebatten, og etter kvart blir det også opna for innlegg og spørsmål frå salen. Tom Hetland frå Stavanger Aftenblad leiar debatten.

Arrangør er UiS Debatt, eit samarbeid mellom Stavanger Aftenblad, Universitetet i Stavanger og Folken.

Debattmøtet opnar klokka 19.00. Det er gratis inngang og i tillegg til debatten blir det underhaldning av duoen Uppstad & Waage.