MENY

Yrkesmesse for sjukepleiarstudentar

Institutt for helsefag arrangerer yrkesmesse for sjukepleiarstudentar. Samarbeidspartnarar frå arbeidslivet vil presenterer seg, og studentane kan sjå seg om etter jobbar.

Studentar på sjukepleiarutdanninga har praksis både i kommunane, på private sjukeheimar og ved Stavanger Universitetssjukehus. No kjem praksisfeltet til UiS for å vise kva jobbar dei kan tilby når studentane er ferdige.

For alle sjukepleiarstudentar
Yrkesmessa rettar seg mot alle sjukepleiarstudentane, både dei som er i starten og slutten av studieløpet.

Institutt for helsefag har arrangert denne yrkesmessa i meir enn ti år, som eit supplement til andre fagmesser. Og tilbakemeldingane har vore gode. Arbeidsplassar har fått nye søkjarar, og nokre studentar har fått avtalar om jobb når dei er ferdige. Fleire arbeidsplassar har også fått vikarar.

Representantar frå arbeidslivet
Til yrkesmessa kjem fleire avdelingar frå Stavanger universitetssjukehus (SUS), og blant desse er psykiatriske avdelingar, medisinske avdelingar og kirurgiske avdelingar.

Det kjem også representantar frå ulike kommunar, sjukeheimar og heimeteneste, i tillegg til frå Norsk sjukepleiarforbund.

Som tidligare år vil yrkesmessa finne stad i øvre del av amfiet i Kjell Arholms hus.

Velkommen!

Sjukepleiar i arbeid (Illustrasjonsfoto: istock)

Sjukepleiar i arbeid (Illustrasjonsfoto: istock)