Kickstarta studia

– De har valt rett. Vi treng dykk, var meldinga til nye NHS-studentar då dei møtte bransjen, og potensielle framtidige arbeidsgjevarar.

Published Sist oppdatert

Selfie: Kristina Bjørnø Renberg (t.v.) fra Bate saman med vinnarane av case-oppgåva på kick-off for reiselivsstudentane. Frå venstre Regine N. Thoresen, Sarah Johanne Finstad, Simen B. Arholm, Tiril L. Nordbrenden og Rune Ellefsen

Denne veka var det kick-off for førsteårsstudentane på bachelor i reiselivsleiing og hotelleiing. Der møtte dei representantar frå hotell- og reiselivsbransjen og fekk høyre om nokre av moglegheitene etter fullført utdanning. I tillegg fekk dei brynt seg i ein uhøgtideleg, men veldig reell konkurranse.

– De har valt så rett

Først ut var reiselivsstudentane med samling på Arkeologisk museum på tirsdag. Studentane fekk eit innblikk i kva reiseliv er og kan innebera. Blant anna møtte dei reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad frå Region Stavanger.

– Det er spannande tider, og de har valt så rett. Lukka til med studia, sa ho under sin presentasjon.

Destinasjonsselskapet arbeidar for å gi regionen fleire bein å stå på, i tillegg til oljerelatert verksemd. Det blir mellom arbeida for å få store konferansar og arrangement hit. I tillegg er «adventure tourists», turistar som vil vere her lenger og oppleve både kultur og natur, ei viktig målgruppe.

Elisabeth Saupstad frå Region Stavanger kunne fortelje om ein reiselivsbransje i endring og vekst.

Etter presentasjonen frå Saupstad, viste professor Håvard Hansen ved NHS korleis mindre reiselivsbedrifter kan finne sin nisje for turistar som ønsker noko anna enn fleirtalet.

– Dei som har smale preferansar veit at det ikkje finnes så mange tilbod for dei, og derfor er dei gjerne villige til å betale meir, sa han.

– Når de er ferdige med utdanninga og vil starte noko, tenk gjennom om de vil springe etter mengda eller dei som er villige til å betale, var hans råd til framtidige reiselivsleiarar.

Studentane fekk og gode råd om korleis ein kan nå ut med bodskapen i ei digital verd frå Kristina Bjørnø Renberg, som har ansvar for digital marknadsføring i sosiale kanalar for Bate. Ho delte mellom anna fem råd for publisering i sosiale medium.

– Ha maks 30 prosent kommersielt, svar alltid, snakk same språk, bruk video og ikkje ver redd for å ta sjansar, sa ha.

Direktør Ole Madsen og administrasjonssjef Marianne Finsnes Molinaux frå Arkeologisk Museum fortalde korleis museet arbeidar for å kombinere oppgåva med å bevare historiske gjenstandar samstundes som dei driv kommersiell verksemd.

– Vi må tørre å tenke nytt og fortelje levande historier, samtidig som me held på det særeigne, sa Madsen.

God stemning på Residence

Onsdag var det nye studentar på bachelor i hotelleiing sin tur til å ha kickoff. Dei var invitert til Quality Hotel Residence på Sandnes.

– Ta godt vare på sjansen, sa regiondirektør Lars Roaldkvam i Quality Hotel, då han ønska velkommen.

Førsteamanuensis Tone Linge frå NHS ga ei innføring i mangfald og mangfaldsleiing, og viste til at spesielt hotellindustrien har mange nasjonalitetar tilsett.

– Dersom ein er omgitt av folk som er like seg sjølve, blir det berre variasjonar av det same. For å komme vidare, må ein utfordre seg sjølve, sa ho.

Tone Linge snakka om kor viktig mangfald er, men og om nokre utfordringar.

Chief Operating Officer Katalin Paldeak, og Director of Passion Ulrika Rosen hadde tatt turen frå Nordic Choice Hotels sitt hovudkontor i Stockholm for å møte studentane. Dei fortalde om arbeidet for å bevare og utvikle bedriftskultur og arbeidsglede. Hotellkjeda har sett passion i system, og går nye vegar for å rekruttere og behalde medarbeidarar. Også dei understreka og at det er eit stort behov for arbeidskraft dei neste åra.

– Nå har de tre år til å byggje nettverk. Vi gler oss til de er ferdig utdanna. Kanskje vil de arbeide her? Saman kan vi endre verda, sa Paldeak.

Studentane fekk og møte Sofie Eidissen Ljøkjell, som for ikkje lenge sidan var i dei ferske studentane sine sko. Ho var ferdig på NHS i fjor, og er nå management trainee i Nordic Choice Hotels. Ho kalla NHS eit springbrett og ein stad kor ho blei kjend med fantastiske menneske.

– Mitt råd i starten av karrieren er: våg å satse, ver ambisiøs, men vit at ingenting kommer av seg sjølv, sa ho.

Uhøgtideleg konkurranse

På begge dagane fekk studentane bryne seg på relevante case-oppgåver, som skulle løysast i grupper. Reiselivsstudentane skulle svare på korleis Arkeologisk Museum kan nå nye målgrupper, medan studentane i hotelleiing skulle gi råd om korleis Nordic Choice Hotels kan finne framtidas leiarar. Studentane jobba i grupper på fem, og ein jury kåra deretter eit vinnarlag som i premie får ein gratis hotellfrukost på ein sjølvvalgt dag.

Målet med å arrangere kick-off er både å gi ein god start på studietida, etablere kontakt med arbeidslivet og vise korleis teorien studentane lærer på universitetet kan nyttast i praksis.

Vladimirs Turutins, Hans Kristian Bjune, Louis Alfred Runge, Mari Bylterud Sørensen og Anna Håheim Flo vann eit frokustmøte med hotellsjef og regiondirektør.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

Først publisert 02.09.2019