MENY

Opptakskrav

For opptak til studiepoengskurs beskrevet i kurskatalogen og på disse websidene, gjeld fylgjande minstekrav for opptak:

A. GENERELL STUDIE-KOMPETANSE:
Fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VK1 og VK2
Fagbrev/svennebrev
Dersom du er fylt 23 år i løpet av opptaksåret og har 5 års fulltidserfaring eller 5 års samla fulltidserfaring frå arbeid og utdanning. Som arbeidserfaring kan ein også rekna omsorgsarbeid og militær førstegangstjeneste/siviltjeneste. Som utdanning gjeld fullført og bestått kurs i vidaregåande skule/ og eller folkehøgskule, og eksamen frå  minst ett års høgere utdanning.

B. FAGLEGE MINSTEKRAV:
Fylgjande felles allmenne fag må dekkast innanfor, eller takast i tillegg til krav under punkt A:
Norsk (14 uketimar), Engelsk (5 uketimar), Matematikk (5 uketimar), Naturfag (5 uketimar), samfunnsfag (6 uketimar).

C. REALKOMPETANSE:
Søkarar som er 25 år eller meir, og som ikkje kan dokumentera generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er studiekvalifisert på bakgrunn av realkompetanse. Det er Universitetet i Stavanger som sjølv har myndigheit til å vurdera kva som er naudsynte kvalifikasjonar etter retningslinjer som er gitt av Kirke- utdannings og forskningsdepartementet. Reglementet er tilgjengeleg her. Ta kontakt med oss for nærmare informasjon.