5 råd til bruk av modelltekstar

Å bruka modelltekstar, eller eksempeltekstar som det heiter i Kunnskapsløftet, gir mange fordelar i skriveopplæringa. Førsteamanuensis Anne Håland har 5 gode råd til korleis lærarar kan jobbe godt med modelltekstar i klasserommet.

Published Sist oppdatert

Gutt sitter ved en pult i et klasserom og skriver.

1. Vel gode modelltekstar

Studier viser at elevar låner mønster frå tekstar dei møter. Dersom modelltekstane inneheld mønster som ein ikkje ynskjer at elevane skal bruka, vil elevane i mange tilfelle også kopiera det. Det er difor nødvendig å tenkja gjennom kva for skrivemønster som modellteksten viser.

2. Snakk om innhaldet

Det kan vera vanskeleg for elevane å ha fokus på ulike sider ved teksten samtidig. For mange elevar er det først når dei har gjort seg ferdig med å snakka om innhaldet i teksten, at dei er i stand til å konsentrere seg om det språklege. Eit godt tips er difor å snakka om innhaldet i teksten, før ein set fokus på struktur og språk.

3. Dekonstruer modellteksten

Modelltekstar gir tilgang til å snakka om korleis tekstar er skrivne, med tanke på alt frå komposisjon til ordval. Still spørsmål til teksten som gjer det mogleg for elevane å oppdaga mønster i teksten: «Korleis er denne teksten skriven?», «Kva legg de merke til, korleis er språket?» og «Kvifor er denne teksten skriven på denne måten, trur de?».

4. Still overføringsspørsmål

Utgangspunktet for bruk av modelltekstar er at elevane skal få inspirasjon til å bruka ulike former for språk. Forsking viser at modelltekstar ikkje gir nok støtte i seg sjølv, men treng følgje av modellering og instruksjon. Overføringsspørsmål kan bidra til tydelegare samanheng mellom modelltekst og eleven sin eigen tekst. Eksempel på slike overføringsspørsmål kan vera: «Dersom du skal laga ei hypotese, korleis kan den sjå ut?», «Dersom du skal skriva ein tekst som byrjar in medias res, korleis kan den sjå ut?» og «Dersom du skal ha ei tydeleg temasetning i din, korleis kan den sjå ut?».

5. Bruk gjerne fleire modelltekstar

Tilgang til fleire modelltekstar kan gjera dei språklege mønstera tydelegare for elevane. Bruk av fleire modelltekstar gir eit kontrastivt perspektiv på tekstar, der ein kan diskutera språklege mønster i lys av kvarandre. Fleire modelltekstar gir også elevane høve til å ta språklege val og ikkje berre kopiera språklege mønster.

Utgangspunktet for bruk av modelltekstar er at elevane skal få inspirasjon til å bruka ulike former for språk.

Anne Håland er førsteamanuensis ved Lesesenteret, UiS.