Hopp til hovedinnhold

50 år med sosionomutdanning i Stavanger

I 50 år har det blitt utdanna sosionomar i Stavanger. Mykje har endra seg, men framleis er behovet for sosionomar stort. Fredag 16. august blei jubileet feira med med eit seminar.

Publisert: Endret:
23 frå det første sosionomkullet samla på 50 års-jubileet.

Fyrste gong publisert august 2019. Tekst/foto: Karoline Reilstad

I 1969 blei det første kullet sosionomar uteksaminert frå Sosialskolen i Stavanger. Skulen fekk seinare namnet Sosialhøgskolen og er i dag Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger.

Fredag 16. august blei Jubileumsseminaret: Sosialt arbeid og samhandling i perspektiv arrangert med 23 frå det første kullet til stades. 

– Det var ei fantastisk tid, og vi var verkeleg pionerar, fortel Kjell Ursin-Smith, sosionomutdanna og tidlegare ONS-leiar, og med i arrangementskomiteen saman med Astrid Lærdal Frøseth, Anne-Grethe Godal, Tora Aasland, Geir Sverre Braut og Einar Engebretsen.

Frå sosialarbeidar til sosionom

Sosialskolen i Stavanger blei etablert i 1966, og hadde studentar frå heile landet. I Stavanger Aftenblad same året kunne ein lese om stor rift om plassane, og at om lag 100 søkarar fekk avslag.

Tre år seinare, i 1969, blei dei 33 første sosionomane uteksaminert, då yrkestittelen undervegs vart endra frå sosialarbeidar til sosionom.

Dei fleste frå oppstartskullet fekk arbeid innan helse-, sosial- og arbeidssektoren. Blant dei var Astrid Lærdal Frøseth som var den første sosionomen i eldreomsorga i Stavanger kommune. Seinare tok ho juristutdanning og blei dommar i Stavanger tingrett og Gulating lagmannsrett.

– Sosionomutdanninga var ei interessant utdanning som ga innsikt på mange mellommenneskelege fagfelt og det tiltrekte meg. Som dommar hadde eg og god nytte av sosionomerfaringa. Det handlar mykje om relasjonar og konfliktar, og om det som fungerer mindre godt  i samfunnet, seier ho.

Ønsker autorisasjon

I utdanninga lærer kommande sosionomar om individrolla, korleis individ fungerer i grupper, om institusjonelle og samfunnsmessige forhold. Sentralt er og opplæring i ei koordinerande rolle. Men å få omgjort kunnskapen i praksis har ofte vore vanskeleg.

– Med samhandlingsreforma i 2012 blei det spesifikt snakka om koordinering og samhandling. Men det har ein til dels enno ikkje klart å gjennomføre i praksis. Sosionomar kunne hatt ei viktig rolle, seier ho.

Ho ønsker at sosionomar, på linje med legar og sjukepleiarar, kan bli autoriserte. Då kan myndigheitene både stille krav og sette tydlegare normer for yrkesutøvinga.

– Sosionomen si rolle i samfunnet er underkommunisert og har dårleg standing i dag. Krav om autorisasjon kunne betra omdøme og gjere yrket meir anerkjent, seier ho.

Fortsatt stort behov

I dag er det Institutt for sosialfag ved UiS som utdannar sosionomar i Stavanger. Den treåring bachelorgrada i sosialt arbeid eit populært studie ved UiS, og i fleire år har studiet vore blant dei mest søkte.

Sjølv om samfunnet har endra seg på 50 år, er framleis behovet for sosionomar stort. Kunnskap om menneskelige relasjonar og innsikt om korleis samfunnet fungerer, er nyttig på fleire område.

– Både i offentleg og privat sektor finst det mange interessante jobbar som kan passe for sosionomar. Kanskje kunne ein til dømes og tenke seg at sosionomar kunne avlaste fastelegar som må handtere mykje meir enn pasientars  sjukdommar. Ein kunne kanskje tilsett ein sosionom til dei mange administrative oppgåvene, koordinering og liknande, avsluttar ho.

Det første kullet har halde kontakten sidan studietida. Dei har feira 20-, 30- og 40-årsjubileum, og dei fleste kjem til å samlast på Jubileumsseminaret: Sosialt arbeid og samhandling i perspektiv fredag 16. august.

Astrid Lærdal Frøseth er saman med  Anne-Grethe Godal, Tora Aasland, Geir Sverre Braut, Kjell Ursin-Smith og Einar Engebretsen  i arrangementskomiteen for seminaret. Alle med interesse for praksis og forsking innan sosialt arbeid er velkomne til seminaret kor tema er utvikling, status og framtid for sosialt arbeid i Noreg.

Du er kanskje også interessert i

Cuban and Nordic Welfare

To improve the quality and internationalization of education in social work and sociology at the University of Havana an...

Korleis kan samarbeidet mellom rettsvesenet og velferdstenestene bli betre?

Colab består av ei rekke forskarar som mellom anna utforskar utfordringar knytte til dårleg mental helse blant kriminell...

Hvordan kan man tilrettelegge for og utvikle veiledningen i høyere utdanning?

Programområdet har som mål å forberede uteksaminerte studenter og stipendiater på et arbeidsliv preget av et samfunn i e...

Status og vegen vidare i Colab

Det årlege Colab-møtet samla forskarar og praktikarar frå fleire land. Over tre dagar diskuterte dei mellom anna ny læri...

Leder EU-prosjekt om psykisk helsetilbud i fengsel

Sarah Hean ved Institutt for sosialfag skal lede et nytt EU-prosjekt. Sammen med kolleger ved UiS og internasjonale part...

Nettverk for velferdsforskning

Det pågår mye spennende velferdsforskning i regionen. Nettverk for velferdsforskning har som mål å styrke samarbeidet me...

Stipendipraten: Sjonglerer rollene som trebarnsmor og stipendiat

Som student fant Anne Svalastog ut hvordan å kombinere utdanning med barnefødsler. Som stipendiat utforsker hun slektsfo...

Stipendipraten: Forsker på forventningers effekt

Linda Natalie Borho vet hvordan det føles å stille forventinger til seg selv og eget arbeid. Nå skal hun finne ut hvorda...

Stipendipraten: Vil skape gjensidig tillitt mellom immigranter og barnevernet

Da Memory Jayne Tembo fikk tilbud om å flytte fra Malawi til Norge for å ta en mastergrad, takket hun ja uten å ha hørt ...

Stipendipraten: Svever blant skyene mens hun prøver å lande en doktorgrad

Maria Gussgard Volckmar-Eeg har notatblokk på nattbordet og lenestol på kontoret. Stipendiaten tenker på kultursensitivi...

Professor drømmer om et «velferdsuniversitet»

Den nytilsatte lederen for Nettverk for velferdsforskning jobber nå med å komme i kontakt med forskere som nettverket ka...

Kva kjenneteiknar god velferd?

Samfunnsendringar krev tilpassa velferdstenester og oppdatert kunnskap. Forskarane ved UiS undersøker fleire problemstil...

Disputas om korleis kunnskap blir delt i NAV

Korleis blir kunnskap delt mellom medarbeidarar innanfor arbeids- og velferdstenesta? Det har Nina Thorbjørnsen forska p...

Ungdom deler erfaringer fra barnevernet for å hjelpe andre

Hvert år får 50.000 barn og unge hjelp av barnevernet. Noen av dem som har blitt plassert i fosterhjem, barnevernsinstit...

Sosial innovasjon og samskaping

Gjennom boka «Samskaping: sosial innovasjon for helse og velferd» belysar forskarar innan ulike fagfelt behovet for inno...

Vil ha debatt om barnevernets undersøkelser

Skal barnevernet bruke skjønn eller metode når de undersøker bekymringsmeldinger? Begge deler på en klok måte, råder for...

Disputas om korleis innvandrarforeldre oppfattar barnevernet

Innvandrarforeldre som har vore på flukt er ekstra sårbare når dei er i kontakt med barnevernet, viser forskinga til Mem...

Hvordan skal vi sørge for at barn og unge får nødvendig hjelp til rett tid?

Stadig flere barn, unge og familier kommer i kontakt med barnevernet. De har ulik etnisk bakgrunn, problemforståelse og ...

Leik eller læring i barnehagen, eller ja takk begge deler?

Då FILIORUM inviterte til debatt under Arendalsveka i 2019 var eit sentralt spørsmål: Kva skal vektleggas i barnehagen, ...

Fra et fremdeles koronafritt hjemmekontor

Stipendiat Marlow er opptatt av både menneskers og dyrs rettigheter, hun er veganer, men akkurat nå er fokuset rettet mo...