Hopp til hovedinnhold

Administrasjon - UiS

Dei fellesadministrative einingane og Universitetsbiblioteket er leia av prorektor for forsking, prorektor for utdanning, prorektor for innovasjon og samfunnskontakt og av direktør for organisasjon og infrastruktur.

Publisert: Endret:

Utdanning

PROREKTOR FOR UTDANNING

Det er tre administrative einingar under prorektor for utdanning: Utdanningsavdelinga, NettOp – avdeling for utvikling av digitale læremiddel og UiS etter- og videreutdanning.

Utdanningsavdelinga består av utdanningsdirektøren sin stab, Internasjonalt kontor og Eining for studentservice.

– Utdanningsdirektøren sin stab bistår fakulteta, universitetsdirektøren og rektoratet med utredingsarbeid, rådgiving og strategisk utviklingsarbeid knytt til utdanningskvalitet på alle nivå.

–Internasjonalt kontor har ansvar for sentrale støttefunksjonar for internasjonalisering av utdanning ved UiS.

– Eining for studentservice har drifts- og støttefunksjonar innafor sentrale studieadministrative oppgåver, så som opptak, rettleiing, timeplanlegging og eksamen.

Avdelinga vert leia av utdanningsdirektør Veslemøy Hagen.
Kontorsjef for internasjonalt kontor: Bjarte Hoem
Kontorsjef for Eining for studentservice: Marianne Simonsen
Finn alle tilsette i Utdanningsavdelinga.

NettOp-UiS er ei avdeling for utvikling av digitale læringsresursar og løysingar for nettbasert utdanning ved UiS. Sidan 2000 har eininga produsert ulike nettbaserte løysingar innan ei rekke fag. Eininga jobbar både internt på UiS og for eksterne oppdragsgivarar.

NettOp-UiS kan bidra med:

  • rådgiving på format og didaktikk i kurs som er nettstøtta eller nettbasert
  • prosjektleiing for utvikling av løysingar for nettbasert læring og formidling
  • forfatte tekst og skrive manus for digitale læremiddel og video
  • utvikle visuelle element til digitale læremiddel og nettbasert formidling; fotobehandling, videoopptak, teikning, animasjon etc.
  • programmering i webbaserte verktøy
  • videoproduksjon
  • apputvikling


Avdelinga vert leia av avdelingsdirektør Atle Løkken.
Finn alle tilsette i NettOp-UiS.
NettOp-UiS held til i Kitty Kiellands hus, 2. etasje. Campus Ullandhaug.

UiS etter- og vidareutdanning (UiS EVU) koordinerer kurs og etter- og vidareutdanning ved UiS.

UiS EVU er ei sentral utviklings- og serviceavdeling for universitetet sine fakultet og institutt. Vi planlegg og organiserer fleksibel læring og kompetanseutvikling som blir arrangerte av Universitetet i Stavanger.

UiS EVU skal vere eit knutepunkt mellom universitetet og eksterne samarbeidspartnarar. Vi kan tilpasse undervisningsoppdrag etter ulike behov. UiS EVU kan hjelpe deg med å finne fram til dei rette undervisningskreftene ved UiS.

UiS etter- og videreutdanning tilbyr kurs på bachelor- og masternivå innanfor dei fleste fagområda. Undervisninga er tilpassa deg som er i arbeidslivet med ein kombinasjon av aktivitetar på nett og intensive samlingar.

UiS-EVU vert leia av Frode Leidland.
Finn alle tilsette i UiS-EVU.
UiS-EVU held til i Kitty Kiellands hus, andre etasje. Campus Ullandhaug.

PROREKTOR FOR INNOVASJON OG SAMFUNNSKONTAKT

Innovasjon og samfunnskontakt

Det er to administrative einingar under prorektor for innovasjon og samfunnskontakt: Innovasjonsavdelinga og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS) sitt ansvarsområde omfattar strategiske og operasjonelle arbeidsoppgåver innan ekstern kommunikasjon, samfunnskontakt, formidling og merkevarebygging. Gjennom AKS si verksemd og tenesteyting skal AKS bidra til at UiS når sine mål.
AKS har eit breitt ansvarsområde:
- Myndigheits-, medie- og arbeidslivskontakt
- Utarbeiding av kommunikasjonsstrategiar
- Operasjonelt kommunikasjons- og informasjonsarbeid internt og eksternt
- Kommunikasjonsrådgjeving
- Nettutvikling
- Marknads- og studentrekrutteringsarbeid
- Arrangements- og besøkstenester
- Forskingsformidling
- Krisekommunikasjon
- Grafisk design
- Grafisk profil
- Utgreiingsarbeid

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt: Anne Selnes
Finn alle tilsette i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 3. etasje, Ø-fløyen – Campus Ullandhaug.

Innovasjonsavdelingen (INA) har ansvar for overordnet strategisk rådgivning og utredning for universitetets ledergruppe, med særlig vekt på forskningsbasert innovasjon og entreprenørskapsaktivitet.

INA tilbyr administrative tenester og verkemiddel for å fremme universitetet sine strategiske mål for forskingsbasert innovasjon, kommersialisering av forskingsresultater og utvikling av entreprenørskap for studentar med omgjevnaden. INA utvikler samarbeidsmoglegheiter mellom UiS og regionale og nasjonale aktører.

Avdelinga jobbar også tett med Forskingsavdelinga (FA) og forskarane om relevante utlysningar og prosjekttyper. INA kan også bistå i sjølve søknadsprosessen.

Innovasjonsdirektør: Troels Jacobsen
Finn alle tilsette ved Innovasjonsavdelinga.
Innovasjonsavdelinga held til i Hagbart Line hus, første etasje – Campus Ullandhaug.

PROREKTOR FOR FORSKING

Forsking

Det er to administrative einingar under prorektor for forsking: Forskingsavdelinga og Universitetsbiblioteket.

Dei primære oppgåvene til forskingsavdelinga er å assistere fakulteta, universitetsdirektøren og rektoratet med utgreiingsarbeid, rådgiving og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og ekstern finansiering.

EU/NFR-eininga gir bistand til søknadar om ekstern finansiering frå Forskingsrådet (NFR) og EU. Eininga ligg under forskingsavdelinga, men rapporterer også til EU-einiga si styringsgruppe, som består av medlemmar frå UiS, IRIS, HSH, SUS og Polytec.

Forskingsavdelinga har sekretariatsfunksjon for forskingsutvalget og forskingsetisk utvalg.

Forskingsdirektør: Kjersti Melberg
Finn alle tilsette ved Forskingsavdelinga.
Forskingsavdelinga held til i Hagbart Line-huset, 1. etasje. K-fløya. Campus Ullandhaug.

Universitetsbiblioteket er ein ressurs for universitetet sine tilsette og studentar. Biblioteket tilbyr også tenester til privatpersonar, andre bibliotek og næringslivet.
Biblioteksdirektør: Gitte Kolstrup
Finn tilsette ved Universitetsbiblioteket i Stavanger 
Universitetsbiblioteket tilbyr mellom anna:

  • Vitskapeleg litteratur i emne det blir undervist og forska i ved UiS
  • Databasar, tidsskrift, elektroniske bøker og andre media som dekker studie- og fagområde ved UiS
  • Lån ein bibliotekar
  • Kurs i litteratursøking og gode råd ved oppgåveskriving
  • Foreslå bøker eller anna materiale me bør ha i samlinga vår

Universitetsbiblioteket består av fire bibliotek:

Avdeling Ullandhaug

Biblioteket på Ullandhaug er døgnope for studentar og tilsette. På Ullandhaug finn du alle typar leseplassar, inkludert stillesone i underetasjen, gruppebord, sofagrupper og lesebåsar. I tillegg kan du ta i bruk Studieverkstedet, Dataverkstedet, 3D-lab og Kongsgårdsalongen.

Biblioteket sine samlingar dekker fagområda på Ullandhaug, og det blir arrangert mange nyttige kurs og kjekke arrangement i biblioteket på Ullandhaug.

Avdeling Bjergsted

Biblioteket for musikk og dans ligg i Bjergstedparken ved Kuppelhallen. Det dekker fagområda musikk og dans. Her kan du òg finna aviser, tidsskrift, lytte- og videorom og leseplassar. Biblioteket har ei stor musikksamling på LP og CD, med hovudvekt på klassisk, jazz og folkemusikk.
 

Arkeologisk museum

Biblioteket på Arkeologisk museum er ope for museets tilsette, studentar, besøkande og alle andre med interesse for arkeologi. Fagområda arkeologi, botanikk, geologi, historie, konservering og museologi er godt dekka med relevant litteratur. Biblioteket har lesesalplassar og gruppebord. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne artiklar og litteratur, søke i databaser, rettleie i refererings- og publiseringsrelaterte spørsmål.       
 

Medisinsk bibliotek

Medisinsk bibliotek bidreg med spesialisert informasjonskompetanse slik at tilsette og studentar kan skaffe seg informasjonen dei treng til klinisk arbeid, forsking, fagleg oppdatering og utdanning. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne fram, søke etter, og bestille litteratur. Biblioteket har utlåns- og innleveringsautomat, som gjer det mogleg å låne og levere bøker utanom bemanna opningstider.

direktør for organisasjon og infrastruktur

Organisasjon og infrastruktur

Det er fem administrative einingar under direktør for organisasjon og infrastruktur: Avdeling for bygg- og arealforvaltning, Avdeling for verksemdstyring og -utvikling, HR-avdelinga, IT-avdelinga og Økonomiavdelinga.

Avdeling for bygg- og arealforvaltning (ABA) er ei avdeling under Direktør for organisasjon og infrastruktur, og består av ein stab og ei driftseining.

ABA er ansvarleg for blant anna prosjektering/planlegging av utviding og ombygging av bygningsmasse, innkjøp til byggeprosjekt og konferansar.

Direktør: Frode Alvheim
Finn tilsette ved Avdeling for bygg- og arealforvaltning

Driftseininga
Driftseininga er ein del av Avdeling for bygg- og arealforvaltning. Eininga er blant anna bindeledd mellom brukaren og huseigarane når det gjeld drift av bygningane. Omlag 40 personar er tilsett i eininga og har oppgåver knytt til blant anna vakthald, sikkerheit, reinhald og inventar.

Vaktsentralen
Vaktsentralen er lokalisert i Kjølv Egelands hus, inngang sør, og er bemanna utanom vanleg kontortid. Sentralen kan hjelpe til med å orientere besøkande og brukarar.

Vakttelefon: 976 96 442

Avdeling for verksemdstyring og -utvikling er ein del av universitetet sine fellestenester og har ansvar for verksemdstyring og overordna økonomistyring, samt for ei rekke oppgåver knytt til utvikling av organisasjonen. Avdelinga har også ansvar for å følge opp og koordinere universitetet sin plan for digitalisering, leverer leiingsinformasjon og førebur saker til universitetsstyret og gjev råd til leiinga på ulike nivå i institusjonen.
Eininga koordinerer og følger opp arbeidet med strategi, årsplan og årsrapport, inkludert risikostyring. Vi utarbeider PVO-rundskriv og støttar intern styringsdialog. Vi koordinerer arbeidet med langsiktig økonomisk planlegging, fastsetting og fordeling av økonomiske rammer. Andre oppgåver er analysar, utreiingar, prognosar og ressursoverslag, samt internt datavarehus og UiS Innsikt.

Direktør for verksemdstyring: John William Viflot
Tilsette i Avdeling for verksemdstyring og -utvikling
Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 3. etasje. Campus Ullandhaug.

HR-avdelinga er ei stabseining innanfor felta personaladministrasjon, lønns- og arbeidsvilkår, helse- miljø- og tryggleik, personal-, leiing- og organisasjonsutvikling.

HR-direktør: Halfdan Hagen
Tilsette i HR-avdelinga.
Avdelinga held til i Arne Rettedals hus 3. etasje. Campus Ullandhaug.

IT-avdelinga ved UiS består av 40 medarbeidarar som tilbyr service og tenester til alle tilsette og studentar ved Universitetet i Stavanger.

UiS-IT står sentralt i utviklinga av UiS sin IT-strategi, arkitektur og forvaltning. Avdelinga er ein partnar i organisasjonen og har som målsetting å arbeide på tvers av avdelingar, institutt og fakultet. UiS-IT er ei sentral tenesteleverandør av IT og finn kostnadseffektive løysingar som dei implementerer og driftar.

Når du som gjest er på UiS sine campusar kan du koble deg til trådløst nettverk eduroam eller uis-gjestenett.

UiS sine tilsette og studentar kan kontakte IT-servicedesk dersom dei har behov for IT-hjelp: IT-hjelp

IT-direktør: Sjur Martin Bjerke
Tilsette i IT-avdelinga
Avdelinga held til i Kitty Kiellands hus, underetasje.

Økonomiavdelinga er ein del av fellestenestene og har ansvar for økonomistyring, økonomiforvaltning samt innkjøpsfunksjonen ved Universitetet i Stavanger. Utarbeiding av leiingsinformasjon og saksførebuingar til universitetets styre innan området økonomirapportering inngår og i avdelinga sine oppgåver.

Faktura
Universitetet ønsker hovudsakeleg å få elektronisk faktura på EHF-format. Vår elektroniske adresse er den same som vårt organisasjonsnummer: 971564679 (skal leggast inn utan mellomrom).

I enkelte system må ein og oppgi landkoden. Adressa blir då: 9908:971564679

Komme i gang med elektronisk handelsformat (EHF)

Dersom det ikkje er mogleg å sende på EHF-format, kan faktura sendes som PDF på e-post til faktura@uis.no.

Økonomidirektør: Eli Løvaas Kolstø

Økonomiavdelinga er organisert i fire hovudområde:
Seksjon for budsjett og rekneskap
Leiar: Turid Adamsen Husvæg
Seksjon for prosjektøkonomi
Leiar: Åse Liseth Ormøy
Seksjon for løn og reiser
Leiar: Alf Strand
Seksjon for innkjøp
Leiar: Katrine Thorsen

Alle tilsette i Økonomiavdelinga.

Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 2. etasje. Campus Ullandhaug.
Postadresse: Universitetet i Stavanger, Økonomiavdelinga, PB 8600 Forus, 4036 Stavanger