Bestill ei omvisning på UiS

Har du tenkt å studera ved Universitetet i Stavanger, eller er du nysgjerrig på korleis me har det på campus?

Publisert Sist oppdatert
10 studenter gående ute på campus i fint vær.

Studentambassadørane våre ønskjer velkommen besøk frå ungdomsskule, vidaregåande skule og andre nysgjerrige.

De får ein presentasjon av studietilbodet ved UiS og korleis det er å vera student ved eit universitet. Deretter tek me de med på ei omvisning på campus Ullandhaug.

Ønskjer de ei grundigare omvisning på ei særleg studieretning, til dømes ingeniørfag, lærarutdanning eller helsefag, er dette mogleg å bestilla.

Tilbodet eignar seg for: ungdomsskular, vidaregåande skule, folkehøgskular, forsvaret eller andre grupper som vil læra meir om UiS.

Hugs:

  • Omvisninga må bestillast minst 3 veker før ønskt besøksdato.
  • Minimum tal på gruppe: 5 personar.

Velkommen! Bestill besøk.