Anja Dalgaard-Nielsen med i NATO si politiske strategigruppe

Anja Dalgaard-Nielsen frå det danske Forsvarsakademiet og professor II ved Universitetet i Stavanger er utnemnd som medlem i ei ny strategisk gruppe som skal gi innspel til korleis NATO kan styrke sin strategiske og politiske dimensjon.

Published Sist oppdatert

Portrett av Anja Dalgaard Nielsen

Dalgaard-Nielsen leder Institutt for Strategi ved det danske Forsvarsakademiet og ble utnevnt som medlem i NATOs nye «high level reflection group» av NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg. Gruppa sine totalt ti medlemer skal kome med tilrådingar til korleis NATO sin politiske dimensjon kan styrkast.
har sidan 2018 vore tilsett som professor II ved Universitetet i Stavanger (UIS), tilknytt Beredskapsrådet for kunnskapssektoren og fagmiljøet i risikostyring og samfunnssikkerhet på UiS. For tida er ho i permisjon for å leie granskingsutvalet etter terrorangrepet i Bærum i august 2019. Denne rapporten blir etter planen levert i slutten av juni 2020.

Diffust trusselbilete

  • NATO-alliansen står i dag overfor eit diffust trusselbilete - eit meir aggressivt Russland, terrorisme, hybride truslar og irregulær massemigrasjon og eit sterkare Kina, som utfordrar den vestlege verdsordenen.
  • Kva utfordringar er dei viktigaste, og kva skal NATO gjere med dei? Her herskar det ikkje semje. Oppgåva for den nye strategigruppa blir å gi råd om korleis NATO kan styrkast som politisk allianse. For å sette det på spissen skal fokus ikkje vere på kva militære kapasitetar, budsjett og investeringar NATO skal ha, men på kva politisk formål alliansen skal tene no og i framtida, forklarer Anja Dalgaard-Nielsen.
    Virtuelt oppstartsmøte

Gruppa skal utarbeide ein rapport som skal presenterast i desember 2020.

– Det er eit stort privilegium å få hjelpe til med denne oppgåva. Eg ser fram til ein dialog der kunsten blir å finne ein fellesnemnar i perspektivet frå begge sider av Atlanteren - frå nordlege, sørlege, vestlege samt store og små NATO-land, seier Anja Dalgaard-Nielsen.

Brei ekspertise

Dalgaard-Nielsens ekspertiseområde omfattar strategi, terrornedkjemping, spesialoperasjonar, og samarbeid.

Ho er tilknytt Stanford University Center for International Security and Cooperation, og sit i styret for Instituttet for framtidsforsking i København. Ho har tidlegare vore avdelingssjef i det danske politiets etterretningsteneste, og ho er forfattar av ei rekke forskingsartiklar og bøker, seinast boka «Tryg i en terrortid - når vi forstår mere, bliver vi mindre bange» frå 2019, som er skriven i samarbeid med Lotte Lund.
I 2017 mottok Anja Dalgaard-Nielsen Danmarks Radios Rosenkjærpris for framifrå forskingsformidling.

Dalgaard-Nielsen har sin ph.d. frå det amerikanske Johns Hopkins University, School Advanced International Studies (SAIS).