Nobelprisane forklart for folk flest

Lørdag 9. desember 2023 kl. 18:00-20:00,
Møteplassen,
Sølvberget.

Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger svarer når vi inviterer til Nobel-arrangement laurdag 9. desember.

Publisert Sist oppdatert

Flere portretter satt sammen med portrett av Alfred Nobel
UiS-forskarar forklarer: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, Marianne Hafnor Bøe, Hadle Oftedal Andersen, Olena Zavorotynska, Sachin Maruti Chavan og
Eduardo Alexandre Barros e Silva.
Portrettbilde av mann
Guttorm Andreasen er tilbake i UiS sin Nobel-spesial kvelden før nobelprisutdelinga. Foto: Morten Berentsen.

Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag sundag den 10. desember. Kvelden før inviterer vi til et Nobel-arrangement på Møteplassen på Sølvberget i Stavanger. Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.

Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden.

Du vil denne kvelden få vite meir om banebrytande vaksineutvikling, kvinner i arbeidsmarknaden og ikkje minst vil du få meir kunnskap om bakgrunnen for at forfattaren Jon Fosse har vore aktuell kandidat til nobelprisen i litteratur sidan midten av 2000-talet. Kvelden vil også gje svar på kva som skjuler seg bak omgrep som attosekundfysikk og kvanteprikkar.

Nobelprisvinnarane 2023

  • Fysikk: Pierre Agostini (Tunisia), Ferenc Krausz (Ungarn) og Anne L’Huillier (Frankrike)
  • Kjemi: Louis Brus (USA), Alexei Ekimov (Russland) og Moungi Bawendi (Frankrike)
  • Fysiologi eller medisin: Katalin Karikó (Ungarn) og Drew Weissman (USA)
  • Fredsprisen: Narges Mohammadi (Iran)
  • Litteratur: Jon Fosse (Norge)
  • Nobels minnepris (økonomi): Claudia Goldin (USA)

Les om årets nobelprisvinnere i Forskning.no: De har jobbet i motbakke og kjempet hardt i år får de nobelpriser

Dei som skal presentere dei ulike prisane, er:

Fysikk: Olena Zavorotynska, førsteamanuensis i materialfysikk ved institutt for matematikk og fysikk

Kjemi: Sachin Maruti Chavan, førsteamanuensis i bærekraftig kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi

Medisin: Eduardo Alexandre Barros e Silva, førsteamanuensis i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi

Fredsprisen: Marianne Hafnor Bøe, professor i religionsvitenskap ved Institutt for kultur- og språkvitenskap

Litteratur: Hadle Oftedal Andersen, professor i nordisk litteratur ved Institutt for kultur- og språkvitenskap

Økonomi: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, prorektor for innovasjon og samfunn

Arrangementet er gratis og opent for alle, så langt det er plass. Meld deg på Nobel-prisane forklart for folk flest

Arrangør, initiativ og idé: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi – med støtte av Forskingsavdelinga og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS, samt Sølvberget bibliotek og kulturhus.